Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
boksider med tekst og ein kaffikopp

Avslutning av forskingsprosjekt

Om avslutning


Når ein er ferdig med eit prosjekt må ein rapportere på resultat i form av faglege rapportar (artiklar, avhandlingar, rapportar) og som sluttrapportar til Helse Førde, finansieringskjelde, REK, personvernombod og andre relevante kjelder. Dokumentasjon på sluttrapportar skal arkiverast i saksarkivet til Helse Førde.

Prosjektet skal i utgangspunktet avsluttast ved sett avslutningsdato.

NÅR DU AVSLUTTAR PROSJEKTET:

  • Data frå prosjektet skal enten slettast eller deponerast. Med deponering meiner ein å anonymisere data og lagre på sikkert område, td. hos NSD.
  • Sletting av data skal dokumenterast (Sjå Internkontrollsystemet)

Prosjektet skal i utgangspunktet avsluttast ved sett avslutningsdato. Ofte er det likevel slik at i løpet av forskingsprosjektet kan du ha fått nye idear, som leiar til nye hypotesar, som gjer at du ynskjer å fortsetje prosjektet etter sett dato, i same «leia» eller med heilt nytt fokus. Ansvaret for denne vurderinga ligg hjå prosjektleiar i samarbeid med eventuelle rettleiarar.

DERSOM DU YNSKJER Å VIDAREFØRE PROSJEKTET:

  • Uansett skal ein starte «framgangsmåte for forsking i Helse Førde» på nytt igjen. Frå ide, til prosjektplan og forankring, nye søknadar etc.
  • Avhengig av om det er den same hypotesen eller ein heilt ny ein, skal du sende endringsmelding eller ny søknad til REK og andre kjelder som har gitt godkjenning til prosjektet. Det gjeld og forankring hos klinikkdirektør, rettleiing og rådgjeving av Helseforsking Sogn og Fjordane, oppdaterte søknadar til personvernombodet og HV-IKT etc.



Sist oppdatert 16.04.2024