Veileda internettbehandling inneheld dei same elementa som ordinær kognitiv åtferdsterapi med behandlar i poliklinikk. Behandlinga er nettbasert, og kvar veke får du veiledning frå ein behandlar via internett.
Behandlinga er inndelt i kapitel med tekst du skal lese, og oppgåver du skal gjere. Behandlinga varer inntil 14 veker. Med veileda internettbehandling vil du sleppe reiseveg til behandlinga, og du får muligheit til å jobbe med behandlinga når det passer best for deg.
Utvida informasjon om behandlinga finn du lenger ned på sida. Under kvar av behandlingane finn du også første modul i kvart av behandlingsprogramma våre.
Pålogging
Pålogging
Innloggingsvanskar?
Ta kontakt på 57 83 94 70. Chrome og Safari er anbefalt ved innlogging i eBehandling.
MERK! Ikkje del BankID, sjølv ikkje med familiemedlemmer eller andre du stoler på. BankID er din personlige digitale ID og signatur.
Ønsker du å komme raskt i gang med behandling?
Pasientar kan ta direkte kontakt med eBehandling. Du treng ikkje tilvising frå fastlege. Vi anbefaler alle å lese informasjonen du finn under «Behandlingsprogramma» før du startar i eBehandling.
Tenester

Depresjon

Panikkliding
