Urinprøve
Ei urinprøve kan gi nyttig informasjon om ei rekke ulike tilstandar. For at prøven skal gi eit best mogeleg bilde av ein eventuell sjukdom, må den vere så nøyaktig og rein som mogleg.
For å unngå forureina urinprøve anbefalar vi vanlegvis at den blir tatt som midtstråleprøve. Med midtstråleprøve meinar vi at prøven blir tatt midt i urineringa ved å føre beholdaren inn i urinstrålen. Du skal ikkje avbryta urinerina mens prøven blir teken.
Før
Som behaldar kan du bruke eingongs plastglas/urinprøveglas som du får kjøpt på apoteket. Urinen bør ha stått i blæra i minimum 4 timar for å gje eit representativt bilde av urinprøven. Morgonurin gir det beste resultatet.
Under
Ved urinprøvetaking skal du urinere direkte i eit prøveglas. For at urinprøven skal gje et best moglegg bilete av eventuell sjukdom, må du ta den på riktig måte. Kva som er riktig måte, avhenger av kva urinprøven skal brukast til. Korleis du skal gjere det får du informasjon om på førehand.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Nevrologisk seksjon
Oppmøtestad
Førde sentralsjukehus, 4. etasje.Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde