Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

eBehandling

Panikkliding - veileda internettbehandling

Eit panikkanfall er ei intens kjensle av frykt for at det vil skje noko forferdeleg, og med eit sterkt kroppsleg ubehag med symptom som hjartebank, kjenne seg svimmel, skjelving, trykk i brystet, sveitte, kjensle av uverkelegheit eller kvalme / uroleg mage.

Et panikkanfall kan virke skremmende, men varer sjelden mer enn noen minutter og er helt ufarlig. Det finnes god behandling.

Les meir på helsenorge.no

Panikkanfall

Panikkanfall kan forekome i alle formar for angstlidingar. Panikkliding oppstår først når angstanfall går utover dagleg funksjon. Dette innebærer som regel at ein opplever kraftige angstanfall med jevne mellomrom, og at ein er redd for å få desse anfalla. Ein kan ha ei forestilling om at panikkangst er skadelig i seg sjølv, og ein kan ha sterke katastrofetankar knytta til å miste kontrollen eller forstanden, besvime, verte kvelt eller ramma av hjerteinfarkt eller hjerneslag. Frykt for å få nye anfall fører ofte til at ein unngår enkelte situasjoner. Panikkliding har god prognose og vert som regel behandla med kognitiv atferdsterapi eller andre psykoterapeutiske tilnærmingar.

eBehandling

eBehandling behandlar panikkliding med kognitiv atferdsterapi. Denne terapiforma tek utgangspunkt i situasjonen her og no, og har som mål at den som er i behandling skal lære kva som skapar angst og korleis ein kan meistre han. I behandlinga jobbar ein konkret med bestemte situasjonar som gir ubehag, og korleis ein kan tenkje og handle annleis i desse. Ved å utfordre fastlåste tanke- og atferdsmønster kan vi erfare at kjenslene våre og reaksjonanen til kroppen ikkje er overveldande og at vi meistrar angsten.

Om panikkliding og kognitiv atferdsterapi på kognitiv.no

Behandling via internett

Behandlinga i eBehandling skjer via internett. I staden for å møte opp for å motta behandling ansikt til ansikt ved ditt lokale distriktspsykiatriske senter (DPS), kan du som går i behandling logge deg inn på våre nettsider kva tid og kvar det passar. Alle som mottek behandling i eBehandling får oppfølging av ein terapeut kvar veke. Oppfølginga skjer skriftleg i behandlingsprogrammet.

Behandling for panikkliding i eBehandling varer i 12 veker, og består av 8 kapittel. Kvart kapittel inneheld lesestoff, øvingar og spørjeskjema.

  • Lesestoffet fortel korleis panikkliding oppstår, kvifor angsten ikkje forsvinn av seg sjølv, og kva ein kan gjere for å meistre angsten.
  • Øvingane hjelper den som mottek behandling å finne fram til kva som er nyttig for seg sjølv, og gir opplæring i teknikkar som ein trenar på gjennom behandlinga.
  • Spørjeskjemaa måler symptom på panikkliding, og blir brukte for å sikre at behandlinga fungerer.

Behandlinga i eBehandling har same innhaldet som kognitiv atferdsterapi gitt ansikt til ansikt. Behandlinga er undersøkt i fleire studiar både i Noreg og i utlandet. Metoden som eBehandling nyttar, blir kalla “rettleidd internettbehandling” og har vore gjennom ein metodevurdering den den samla forskinga er gjennomgått av Folkehelseinstituttet.

Terapeutveiledet internettbehandling ved psykiske lidelser – en fullstendig metodevurdering (fhi.no) 

Tilvising og vurdering

Det er fleire måtar å søkje om behandling i eBehandling:

  • Er du allereie i behandling i poliklinikk ved ditt lokale DPS, ønskjer vi at du drøftar tilvisning til eBehandling med behandlaren din og søkjer i samarbeid med han eller ho.
  • Er du ikkje i behandling for psykiske vanskar, kan du ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Be om at legen skriv at du ønskjer eBehandling i tilvisinga. Andre legar eller psykologar kan også tilvise.

For pasientar i Bergen, Stavanger, Fonna, Førde og Nidaros:

Du som bur ein stad knytt til Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger eller Nidaros DPS kan ta direkte kontakt med eBehandling utan tilvising. Dette gjer du ved å trykkje på lenkja Søknad om eBehandling på våre heimesider. Denne lenkja fører deg til helsenorge.no der du skal fylle ut eit skjema. Når du sender inn dette skjemaet blir det sendt direkte til eBehandling. Du vil motta svar når søknaden din om behandling er vurdert.

Svar på tilvising

Du får svar frå eBehandling i brev eller på helsenorge.no. Svar på Helsenorge blir varsla med SMS til telefonen din. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjord, kva som skjer vidare og om rettane dine. Dersom vi vurderer at behandlinga ikkje er relevant for deg, blir du tilrådd å kontakte den som har tilvist deg, eller søkje andre behandlingstilbod. Fastlegen din blir i begge tilfelle informert om at du har vore i kontakt med oss.

Tilvisinga må innehalde følgjande opplysningar:

  • Pasientdata
    Namn, fødselsnummer, adresse, telefonnummer.
  • Vurdering av rett til helsehjelp
    Informasjon om vurdering av rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta når det er gjort (kven har vurdert, datoar, fristar, innfridde fristar).
  • Tilhøyrande DPS
    Kva for eit DPS/poliklinikk er pasienten tilhøyrande? eBehandling treng kontaktinfo i tilfelle behov for kontakt ved akutte høve.
  • Tilvisingsdiagnose
    Hoveddiagnose og eventuell bidiagnose. Dersom eBehandling skal gi eit tilbod må pasienten sitt hovudproblem vere sosial angst, panikkliding med/utan agorafobi eller lett til moderat depresjon.

  • Bakgrunn
    Oppvekstforhold, familieforhold og nettverk, omsorgsansvar for barn eller andre, sivilstatus, buforhald, arbeid, trygd, individuell plan.
    Sjekk særskilt om pasienten kan forstå norsk på eit god nivå, og om h*n har tilgang til internett.
  • Psykiatrisk sjukehistorie
    Tidlegare betydningsfulle symptom og problem, tidlegare diagnosar, tidlegare behandling og utbytte av denne. Har pasienten erfaring med bruk av sjølvhjelp frå tidligare?
  • Aktuelt
    Aktuelle problem som pasienten søkjer behandling for (debut, årsaksforhold, symptom, behandling, forløp, betyding for funksjon, livskvalitet), herunder opplysningar omkring eventuell rusproblematikk, suicidalitet og valdsrisiko. Angi pasienten sin motivasjon for denne typen behandling og kva informasjon pasienten har fått om behandlingsforma.
  • Relevant somatisk problematikk
    Føreligg det ustabile og/eller uavklarte somatiske tilstander?
    Epilepsi, alvorleg astma, kroniske hjerterytmeforstyrringar eller hjerte-/lungeproblem diagnostisert av lege, svært lågt blodtrykk eller graviditet er ikkje foreineleg med behandlinga for panikkliding.
  • Medikamentbruk
    Preparatnamn, formulering, styrke, dosering.
    Her bør det spesielt verte angitt kor lenge pasienten har stått på aktuell psykofarmaka og eventuell bruk av B-preparat. Behandlingstilbodet føregår som hovudregel utan bruk av angstdempande medikament og desse bør seponerast før tilvising. Pasienten må kunne motiverast for eksponering for frykta situasjonar utan medikamentell støtte, og h*n må tåle symptomtrykket som følgjer av kontinuerlig eksponering. Stabil medisinering (same dose dei siste 4 vekene) med anna psykofarmaka er uproblematisk saman med
  • Vurdering med grunngjeving for tilvising
    Diagnose, sjølvmordsrisiko, problemforståing, prognose.
    Angje pasienten sin motivasjon for denne typen behandling og kva informasjon pasienten har fått om behandlingsforma.

eBehandling eignar seg ikkje for personar med:

  • Moderat til høg suicidalfare, der behovet for varetaking og tilsyn fører til at behandling over internett ikkje er tilstrekkeleg. Dette utelukkar også personar som nyleg har gjennomført suicidforsøk.
  • Dersom pasienten har fungert stabilt utan pågåande psykotiske symptom over tid, og har ein behandlingskontakt i spesialisthelsetenesta som kan ivareta og følgje h*n opp ved behov kan ein motta behandling i eBehandling for komorbid panikkangst, sosial angst eller mild til moderat depresjon.
  • Ubehandla alkohol- eller narkotikaproblematikk, eller medikamentavhengigheit som kan utgjere eit hinder for behandling.
  • Jamleg bruk av B-preparat. Behandlingstilbodet føregår som hovudregel utan bruk av angstdempande medikament og desse bør seponerast før tilvising. Kontakt eBehandling dersom du ynskjer å diskutere unntak.
  • Ustabil og/eller uavklart somatisk tilstand. Epilepsi, alvorleg astma, kroniske hjarterytmeforstyrringar eller hjarte-/lungeproblem diagnostisert av lege, svært lågt blodtrykk eller graviditet er ikkje foreinleg med behandlinga for panikkliding.
  • Alvorleg depresjon (MADRS ≥ 35)
  • Bipolar depresjon. Det er ikkje funne evidens for effekt av behandlingsprogrammet for depresjon for personar med bipolar depresjon. Personar med godt regulert bipolar liding kan ha nytte av og få behandling for komorbid panikkliding eller sosial angst.
  • Låg motivasjon eller annan funksjonspåverknad (f.eks. høg initiativløyse eller konsentrasjonsvanskar) som gjer det vanskeleg å gjennomføre internettbehandling, som krev høg grad av ansvarstaking. Ustabile eller vanskelege ytre forhold, for eksempel livskriser, kan også gje nedsett funksjon og vanskar med å følgje opp behandling over internett.
  • Bustad utanfor Norge.
  • Forventa lengre fråvær enn 2 veker i løpet av behandlingstida.
  • Komorbiditet som erfaringsmessig kan vanskeleggjere rettleia internettbehandling er: GAD, hypokondri, PTSD og engsteleg/ unnvikande personlighetsforstyrring.

eBehandling er eit behandlingstilbod for pasientar i Helse Vest, og vi held til i 3. etasje i Møllendalsbakken 9. Vi tek også imot pasientar frå andre helseregionar, men vi gjer merksam på at pasientar utanfrå Helse Vest berre vil få eit tilbod ved ledig kapasitet i eBehandling.

Frå andre regionar enn Helse Vest må tilvisinga gå via spesialisthelsetenesta. Pasienten må utgreiast lokalt og ha fått diagnose panikkliding, sosial angst eller moderat depresjon, før tilvisinga blir send til eBehandling.

Tilvisingar vert tekne imot per brev eller som elektronisk tilvising.

Adresse:

Helse Bergen
Haukeland universitetssjukehus
eBehandling
Postboks 1400
5021 Bergen

Ring oss gjerne på telefon 56 34 32 50 dersom du har spørsmål om tilvisingar til eBehandling

  • eBehandling vurderer om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp dersom tilvisinga ikkje kjem frå spesialisthelsetenesta.
  • Pasientar som ut frå tilvising verkar å kunne være aktuelle for behandling vil som hovudregel få tilbod om ein vurderingssamtale hjå eBehandling innan 2-3 veker. eBehandling held til i 3. etasje i Møllendalsbakken 9. Pasientane må møte her for vurderingssamtale(r).
  • eBehandling har ikkje akuttilbod. Dersom det skulle oppstå auka risiko for sjølvmord eller mistanke om utvikling av alvorlig psykisk liding hjå pasientar under behandlinga i eBehandling er det den lokale spesialisthelsetenesta som er ansvarleg for å ivareta pasienten. eBehandling må på førehand ha fått kontaktinformasjon til lokal DPS. Ved behov for vurdering av sjølvmordsfare eller utvikling av alvorleg psykisk liding vil eBehandling ta kontakt med pasienten sitt lokale DPS og tilvise til akuttvurdering der.

Før

Dersom vi vurderer at du kan ha nytte av eit behandlingstilbud hjå eBehandling, vil du bli kalt inn til ein vurderingstime. Vurderingstimen kan gjennomførast som videokonsultasjon eller ansikt til ansikt. Du får meir informasjon om dette i svarbrevet.

Målet med vurderingstimen er å gjennomføre ei utgreiing av vanskane dine, og å gje informasjon om behandlinga. Utgreiing er ein del av all behandling i spesialisthelsetenesta og inneber ei kartlegging av symptoma dine, viktige livshendingar og livssituasjonen din i dag. Utgreiinga vert gjort for å sikre at dei personanen som ønskjer hjelp, får ei behandling som passar.

Før vurderingstimen

Før du møter til vurderingstime, tilrår vi at du besøker nettsidene til sjukehuset for å lære meir om eBehandling. Det første kapittelet i eBehandling er tilgjengeleg for alle, og vil gje deg eit godt inntrykk av om behandlinga passer for deg. Vi tilrår deg å lese dette før vurderingstimen.

Fleire av sjukehusa som tilbyr eBehandling nyttar også ei «pre-kartlegging» via internett før du møter til vurderingstimen. Om dette er aktuelt for deg, vil du motta informasjon om denne og ein SMS med link til kartlegginga ca éi veke før vurderingstimen.

I vurderingstimen

I vurderingstimen vil du bli møtt av ein behandlar i eBehandling. Behandlaren vil stille deg spørsmål om vanskane dine og livet ditt for best mogleg å forstå korleis vanskane dine artar seg. Du kan stille spørsmål om behandlinga og de vil saman vurdere kva som er den beste løysinga for deg.

Under

Behandlingsprogram på nett

Dersom vi vurderer at tilbudet egner seg for deg, får du tilsendt innloggingsinformasjon til vår behandlingsplattform på nett, slik at du kan starte behandling i eBehandling. Du logger deg på behandlingen med BankId.

Arbeidet i eBehandling er stegvis. Når du er ferdig i et kapittel vil du få tilgang til det neste. Behandleren din følger deg opp hver uke gjennom meldinger i programmet. Du kan skrive til behandleren din når du vil, og sammen arbeider dere med å finne de beste tiltakene for deg.

Skriftlig tilbakemelding

I eBehandling arbeider du sammen med behandleren din via tekst. Det betyr at du skriver ned hvordan det har gått med ulike øvelser og sender dine refleksjoner og spørsmål til behandleren din. Behandleren leser gjennom og sender deg tilbakemelding og veileder deg gjennom behandlingsprogrammet. Oppfølgingen fra behandler skal hjelpe deg ved å gi støtte i vanskelige situasjoner, motivasjon i arbeidet, og til å finne gode løsninger som passer din situasjon. Behandler vil også hjelpe deg med å skape fremgang i arbeidet og utforske hvordan du møter hverdagen din. Dette kan innebære at du får konstruktive tilbakemeldinger om hvordan du kan møte vanskene dine på nye måter, slik at du kan få enda mer ut av øvelsene og mest mulig ut av behandlingen.

Terapeutisk allianse

Den terapeutiske alliansen er avgjørende for en god behandlingseffekt i all terapi. Begrepet terapeutisk allianse innebærer at du og din behandler er enig om målet med behandlingen, enig om hvordan dere jobber mot dette målet, og at du føler deg sett, respektert, forstått og støttet. I eBehandling er vi opptatt av å skape en god og sterk allianse, selv om den ikke foregår i det tradisjonelle terapirommet. Vi verner om å skape gode, forutsigbare og validerende rammer, som kan være medvirkende til at du tar en aktiv rolle i behandlingsprogrammet og kan føle deg trygg på å sette ord på det som er vanskelig, det du har lyst å unngå og be om hjelp til det du trenge støtte til. Jo mer åpen og deltakende du er, jo større sjanse for at din terapeut kan se og forstå og imøtekomme dine behov innen de rammene behandlingen setter.

 

Inkluder dine nærmeste

Vår erfaring viser at de som inkluderer sine nærmeste i behandlingen kan ha lettere for å arbeide seg gjennom utfordringene. Dette er spesielt nyttig for å overvinne motløshet og dalende motivasjon. Det kan derfor være en god hjelp å fortelle og vise hva du arbeider med til dine pårørende eller en nær venn.

Øvelse og trening

Den viktigste delen av behandlingen er øvelsene og treningen på disse. Dette arbeidet skjer ikke inne på nettsidene til eBehandling, men i hverdagen. Øvelsene kan tilpasses dine vansker og har som mål at du lærer nye måter å møte vanskelige situasjoner på. For å få mest mulig ut av behandlingen er jevn trening på øvelsene viktig. Vi anbefaler at du benytter øvelsene og teknikkene du lærer minst en time hver dag.

Behandlingen for panikklidelse inneholder disse delene:

  • Informasjon om panikklidelse
  • Eksponering for kroppslige reaksjoner.
  • Eksponering for ytre situasjoner: agorafobi.
  • Mer om eksponering.
  • Hvordan gjøre eksponeringen mest muglig effektiv.
  • Å håndtere vansker som kan oppstå ved eksponering, og aksept.
  • Håndtering av tilbakesteg.
  • Å vedlikeholde endring og legge en plan for fremtiden

Etter

Når behandlinga er fullført, vil du få tilbod om ein samtale med behandlaren din. Oppfølginga i programmet vert avslutta, men du vil ha tilgang til alt innhaldet i behandlinga i 6 månedar. Du kan laste ned og skrive ut innholdet om du ønskjer det.

Kontakt

Førde sentralsjukehus Psykiatrisk klinikk

Kontakt Psykiatrisk klinikk
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

 

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus

 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.