Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

PSYKISK HELSEVERN FOR BARN OG UNGE (PBU)

Informasjon til tilvisar og fagpersonar

Denne nettsida er for fagfolk som kjem i kontakt med barn i profesjonell samanheng.

​Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) har tre allmennpoliklinikkar (BUP) med ulikt geografisk ansvar og ein sengepost.
 
BUP jobbar ofte saman med andre offentlege instansar, som til dømes skule/ barnehage, fastlege, helsesøster og i nokon tilfelle barnevern.
 

Lege, psykolog og leiar for barnevernstenesta kan tilvise til BUP.  

Kva inneheld ei tilvising?

  • Symptom/problematisk åtferd (heime, på skulen, blant venner): type, varigheit, funksjonstap, største problem no
  • Relevante psykososiale høve
  • Tidlegare sjukdomar
  • Kva er gjort av undersøkingar/utgreiingar?
  • Kva tiltak/behandling har vorte prøvd?
  • Søvn/apetitt
  • Medikament/rusmidlar
  • Somatisk vurdering (inkludert syn/hørsel)
  • Eventuelle lab.prøver: thyroidea, ferritin, vitamin B12, EEG
  • Eventuelle tilleggsrapportar frå skule, barnehage, PPT
Viktig
  • ​Er det vurdert om somatisk tilstand kan vere årsaka til symptoma?
  • Di vurdering av hjelpebehov/alvorlegheitsgrad
  • Det må kryssast av for samtykke frå begge føresette med foreldreansvar (unntak må grunngjevast), eller frå ungdom over 16 år.​

Alle tilvisingar vert vurdert innan ti virkedagar, i samsvar med prioriteringsrettleiar (IS-1581). 

NB! Manglande samtykke og/eller manglande BUP-skjema gjer riktig vurdering av tilvisingar vanskelegar.

Rask vurdering
dei tilfelle der fastlegen vurderer at pasienten ikkje treng akutt innlegging, men likevel treng time raskt, kan fastlegen kontakte poliklinikken.

Konsultasjon
Kvar poliklinikk har tilbod om rask vurdering der behandlarar tek imot førespurnadar frå fastlege, lege, psykolog, leiar for barnevernstenesta.

Det kan gjelde ein generell konsultering eller ei rask vurdering.

BUP følger opp
BUP kontaktar aktuell familie/pasient så raskt som mogleg og tek ansvar for å organisere tidspunkt for time innan 3 dagar.  

Kontaktinformasjon - poliklinikkar
  • Førde BUP, telefon 57 83 92 07
  • Nordfjord BUP, telefon 57 86 43 50
  • Sogndal BUP, telefon 57 62 75 00

Øyeblikkeleg hjelp (ØH) betyr at pasienten har behov for behandling same dag. Førespurnaden skal gå til UPH (Ungdomspost for psykisk helsevern). 

UPH har ØH-ansvar for følgande kommunar: Askvoll, Aurland, Bremanger, Fjaler, Gloppen, Hyllestad, Høyanger, Kinn, Luster, Lærdal, Sogndal, Solund, Sunnfjord, Stad, Stryn, Vik, Årdal.

Kontaktinformasjon UPH
Alle dagar - telefon 57 83 97 75
Kvardagar mellom kl. 08.00-16.00 - telefon 57 83 97 75 (UPH)
For konsultasjon og vanlege tilvisingar, ver venleg å kontakte aktuell poliklinikk (BUP).



Sist oppdatert 02.05.2023