Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Medisinsk seksjon - Lærdal sjukehus

Medisinsk seksjon har ansvaret for den medisinske legetenesta ved sjukehuset i Lærdal, og er delt inn i sengepost og poliklinikk. Vi har akuttfunksjon for kommunane som har Lærdal som lokalsjukehus, og tek imot det meste av medisinsk øyeblikkeleg hjelp i området.

Vi samhandlar også tett med dei andre medisinske einingane i føretaket. Vi samhandlar også, og legg til rette, for vidare oppfølging med kommunane etter utskriving.

Medisinsk seksjon i Lærdal er ein del av utdanningsinstitusjonen Helse Førde, for legar i spesialisering, sjukepleiarar og helsefagarbeiderar.

Innanfor medisinsk seksjon i Lærdal har vi ein sengepost med 12 senger, der 2 av desse er overvåkningssenger.

Vi har poliklinikk for hjerte, mage-tarm samt infusjons/kreftpoliklinikk.

 

Kontakt

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

En bygning med et flagg foran

Lærdal sjukehus

Sjukehusvegen 9

6887 Lærdal

      Kurs og møter

      • Diabetes type 2, Lærdal
        3 dagars gruppeoplæring for deg med diabetes type 2 og dine pårørande.
        Diabetes type 2, Lærdal
        Dato passert