Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Korleis handtere lukt, lyd og tabu

Frå barndommen lærer vi at urin og avføring er noko vi skal ha kontroll på. Vi blir tidleg opplærte til å bruke potte eller toalett. Toalettbesøk og tarmgass er privat, og det er vanleg at vi skal gjere dette utan at det er til sjenanse for andre. Dersom det skjer uhell, skal vi seie «unnskyld». Elles i samfunnet er reinslegheit og god lukt sjølvsagt, vi vil unngå å sjå, røre på eller kjenne lukta av avfallsstoff, og dei kan framkalle aversjon og er tabuemne som vi sjeldan snakkar om.

Hensikt

Her er nokre råd som i ei viss grad kan avgrense dei utfordringane stomiopererte kan oppleve fordi dei må forhalde seg til avfallsstoffa til kroppen på ein ny måte.

 

Å få laga til stomi, fører til at du må forhalde deg til avføring eller urin på ein måte som går på tvers av dei ideala vi er oppvaksne med. Du må både sjå, ta på og i større grad kjenne lukta av avfallsstoffa til kroppen. Lukta frå tarmgass klarer kolfilteret på stomiposen som oftast å ta vekk, men stomien har ikkje nokon lukkemuskel, så lyd kan komme kva tid som helst. Som stomioperert må du derfor forhalde deg til fleire tabubelagde faktorar, og mange blir engstelege for andre sine tankar og opplevingar rundt det at ein har stomi.

Råd for å avgrense lukt

Avføring inneheld matrestar som ikkje er fordøya, tarmceller, væske og bakteriar. Bakteriane i tynntarmsinnhald er færre og annleis enn bakteriesamansetninga i tjukktarmen. Tynntarmsinnhald luktar derfor annleis, og mindre enn tjukktarmsinnhald. Tarmgass inneheld berre 1 prosent som gir dårleg lukt, ofte svovelforbindelse. Luft frå ein tynntarmsstomi er ofte luft svelgt ned, mens lufta frå ein tjukktarmsstomi er produsert av bakteriane i tarmen.

Nokre sortar mat gir ei spesiell sterk lukt av avføringa. Desse kan ved behov avgrensast. Dette gjeld: Fisk, skaldyr, kraftige ostar, løk, asparges, egg og kål.

Når ein bruker antibiotika, kan samansetninga av tarmbakteriane endre seg og resultatet blir ofte både meir lukt og meir gass. Da er det anbefalt å drikke to glas Biola dagleg, eller bruke andre produkt som inneheld mjølkesyrebakteriar.

Dei fleste firma som produserer materiell til stomi, har produkt berekna til for å redusere lukt i stomiposen. Produkta kan du få på blå resept. Produkta kan vere:

  • Dropar, med eit avgrensa tal i posen (for eksempel: Na`Scent, No-Roma, Banish)
  • Smørjande deodorantar, med ei lita mengde i posen (for eksempel Brava og Adapt)
  • Geldannende absorbentar med kol, til bruk ved laus avføring. Små posar blir lagde i stomiposen (for eksempel Diamonds, Pears, Morform)

Produkt som ikkje er på resept:

  • Eddik 7 % , spesielt eigna for dei som har urostomi. Hell ei lita mengde i stomiposen.
  • Peparmynteolje, ta litt olje på toalettpapir og legg i stomiposen

Deodorantspray eller lukthemmar som du kan spraye ein liten dusj av i lufta etter stell eller toalettbesøk, og i tillegg i sjølve stomiposen (for eksempel Limone, Ynolens).

  • Kolfilteret på posane har sjeldan virketid over eitt døgn. Derfor bør ein skifte pose dagleg. Dersom ein har mykje luft, kan det vere nødvendig å byte posen to gonger i døgnet.
  • Dersom det kjem avføring inn under stomiplata, kan det gi lukt. Avføring her er eit teikn på at ein må byte stomiutstyret oftare, eller at det er noko feil og ein bør prøve noko anna.
  • Dersom ein bruker ein pose som kan tømmast er det viktig å reingjere utløpet godt så det ikkje kjem lukt ut.
  • Avfall frå stomistellet bør ikkje bli liggande i søpla, men må kastast i restavfallet med éin gong. Poser det er mogleg å tømme bør bli tømde før dei blir kasta. Det gjeld ikkje lukka posar.
  • Dersom ein må byte stomiposen utanfor heimen og må kaste avfallet i søppel for brukt papir, kan det vere lurt å ha avfallet i ein ekstra avfallspose. Ein kan få kjøpt «bleieposar» som har ei mild duft.
  • Det er lurt å ta ein prat med dei ein deler toalett med dersom ein er engsteleg for korleis dei skal reagere. Hugs at alle lagar lukt på toalettet.

Råd for å avgrense lyd

Alle menneske produserer gass i tarmsystemet. Mengda gass kan variere frå 400 til 1800 ml i døgnet.

En gruppe mennesker på kino

Illustrasjon: Marie Viola Fjelde

Tiltak for å redusere gassmengda:

Visse sortar mat gir meir gass. Ved behov kan desse avgrensast. Det gjeld for eksempel:

  • erter
  • bønner
  • løk
  • kål
  • kolsyrehaldige drikker
  • kunstig søtstoff som sorbitol

Måten ein et på, kan ha stor innverknad på gassmengda i tarmen. Ver merksam på følgande:

  • unngå uregelmessige måltid, og ikkje ha for lang tid mellom måltida
  • spis og drikk kvar for seg, ikkje «drikk ned maten»
  • tygg maten godt
  • unngå å snakke og ete samtidig for da svelger ein meir luft
  • unngå å drikke av sugerøyr eller boks/krus med lokk og lite hol.
  • unngå bruk av tyggegummi
  • unngå å stresse, for da svelger ein meir luft

Medikament som påverkar gassen i tarmane

Gass er som «såpebobler» i tarmen og desse medikamenta bryt ned boblene slik at berre litt og litt luft kjem ut om gongen. Medikamenta er ikkje på resept og du må dekke utgiftene til desse sjølv. Medikamenta må du ta regelmessig, fast bruk kan derfor bli kostbart (for eksempel Minifom, Siloxan, Imogas).

Urter

Det finst ein del urter som kan påverke gassen i tarmen, for eksempel karve og anis. Det er anbefalt å prøve te av fennikel, ingefærrot og peparmynte.  

  • Fleire med stomi opplever at lyden blir litt dempa om ein har noko litt stramt over stomiområdet. Bruk for eksempel fikseringsbind på blå resept. Desse kjem i fleire variantar.
  • Andre har lagt ein bomullsdott inn i stomiposen for å dempe lyden.
  • Er du ute kan du blant anna legge ei jakke eller liknande, i fanget.
  • Lyd i samband med gassutslepp kan skje hos alle som har tarmstomi, og det kan skje når som helst. Det er anbefalt å vere open med dei ein er mest saman med, slik at dei er kjente med at det kan skje. Det er oftast lyd som kjem, for det kjem ikkje lukt dersom ein har ein pose med eit fungerande kolfilter.
  • Lyd kan også oppstå når du er saman med ukjente. Det kan derfor vere lurt å ha tenkt litt på førehand kva ein vil seie om det skjer. Humor lettar ofte på situasjonen.
  • Barn syntest ofte at fis og promp er utruleg gøy. Ver open og forklar for barn at det av og til kan komme lydar.
Sist oppdatert 23.09.2024