Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Korleis vere fysisk aktiv og samtidig unngå brokk i stomiområdet?

Det kan vere mange ulike årsaker til at ein utviklar brokk. Kirurgisk teknikk, kraftig hoste / brekkingar, overvekt og tunge løft er dei mest beskrivne risikofaktorane.

Hensikt

Å leve med stomi skal ikkje vere til hinder for å drive med mosjon eller fysisk aktivitet. Det er tvert imot viktig for å førebygge andre komplikasjonar som for eksempel lunge- og /hjarte-karsjukdom. Det er likevel nokon ting som er viktig å hugse på, når ein skal drive med tyngre fysisk aktivitet etter ein stomioperasjon. Vi vil med denne informasjonssida gi tips til korleis ein kan trene etter ein slik operasjon.

Kva er stomibrokk?

Eit paratomalt brokk blir dessverre rekna som ein vanleg komplikasjon etter stomioperasjon. Utvikling av brokk er også varierande ut frå om ein har laga til ein uro-, ileo- eller kolostomi. Det er vanlegast at brokk opptrer dei første to åra, men kan også oppstå fleire år etter operasjonen. Utforminga, størrelsen og plasseringa av stomien kan ha innverknad på utvikling av brokk.

Eit brokk er definert som ei forhøgning, hevelse eller kul i eller omkring stomiområdet. På grunn av ein defekt i bukveggen kan ein del av tarmen trenge seg igjennom.

Risiko for å få brokk i stomiområdet aukar med alderen. Kreftsjukdom eller gjennomgått behandling med cellegift/stråling er også faktorar med auka risiko for å utvikle brokk.

Det kan vere mange ulike årsaker til at ein utviklar brokk:

  • kirurgisk teknikk
  • kraftig hoste/brekkingar
  • overvekt
  • tunge løft

Mange opplever eit brokk som estetisk utfordrande. Nokon kan oppleve smerter og ubehag, forstoppingsplager og utfordringar med stomibandasjering.

Det kan vere utfordrande å finne klede som passar dersom brokket blir stort.

Når kan ein begynne å trene etter ein stomioperasjon?

  • Start med å gå rolege turar allereie ei veke etter operasjonen.
  • Auk deretter motstanden gradvis med å gå roleg i motbakkar etter nokre veker (2–4 veker)
  • Unngå å utføre løft som krev hard bruk av bukmuskulaturen og magemusklane dei første tre månadene etter operasjonen.
  • Løfte det armane kan bere, avhengig av kva belastning ein har vore vand med før operasjonen.
  • Ved anna form for tyngre fysisk aktivitet, bruk støttebelte. 

Etter to veker kan ein utføre enkle øvingar som:

En person med armene i kors
Trekk inn magen og hald i nokre sekund, ta pause og repeter dette 5–10 gonger. Sitt i ein stol med beina planta i golvet, fokus på rett bruk av bukmuskulaturen.

 

En kvinne som holder i en stol imens hun gjør knebøy

Illustrasjon: Marie Viola Fjelde

Knebøy til stol. Ein held inne magen mens ein reiser seg. Ved svakare bukmuskulatur i utgangspunket, hald i eit bord eller liknande, som støtte. Ta pause og repeter øvinga 5–10 gonger.

 

Kvinne som gjør knebøy med det ene benet på en stol.

Illustrasjon: Marie Viola Fjelde

Eittbeins knebøy til stol.

 

En kvinne med støttebelte
Støttebelte

Ved hoste og nys, hald gjerne ei hand over stomien som støtte. Dersom ein er forkjølt, kan det vere fornuftig å bruke eit støttebelte.

 

Rett løfteteknikk er også ein føresetnad for å unngå brokk. Å løfte gjenstandar frå golvet bør skje med fokus på å halde ein stabil og sterk kjerne. Hald inne magen og bøy knea, sørg for ei stabil haldning og hald gjenstanden tett inntil kroppen, før ein løftar gjenstanden opp.  

 

Etter tre månader kan ein forsiktig og gradvis auke styrken i muskulaturen ved å:

En kvinne som ligger på gulvet og gjør øvelser

Illustrasjon: Marie Viola Fjelde

Ligg flatt med ryggen på golvet og knea opp. Sving forsiktig knea frå side til side. Start med 10 repetisjonar éin gong per dag i éi veke, deretter gradvis auke veke for veke.
En kvinne som ligger på gulvet og gjør øvelser

Illustrasjon: Marie Viola Fjelde

Ligg flatt med ryggen og knea opp, sørg for at korsryggen heile tida er i kontakt med underlaget. Vipp bekkenet opp og ned 10 gonger. Gradvis auke veke for veke. Denne øvinga må ikkje forvekslast med setehev, der ein løftar setet opp frå underlaget.
Kvinne som tar situps

Illustrasjon: Marie Viola Fjelde

Rullande sit-ups. Ligg med ryggen flatt på golvet. Knea samla og opp. Strekk hendene fram og kvil dei på knea. Rull forsiktig oppover og deretter tilbake i utgangsposisjon.

Kva gjer ein ved mistanke om brokk i stomiområdet?

Et nærbilde av en manns øre
Brokk

Det kan vere vanskeleg å oppdage brokk i stomiområdet sjølv. Ofte blir det oppdaga tilfeldig av stomi og kontinenssjukepleiar eller lege. Ved hevelsar, tyngdekjensle eller ubehag i stomiområdet og ein mistenker brokk, bør ein ta kontakt med stomi- og kontinenssjukepleiar.

Dei kan gi råd for å førebygge utvikling av brokket (aukande størrelse), tilpasse/demonstrere ulike støtte-/brokkbelte, tilpasse nytt stomiutstyr etter behov og gi generelle kostråd for å unngå forstopping.

Tips og triks

En kvinne med støttebelte
Støttebelte/brokkbelte

Støttebelte/brokkbelte

Nytt gjerne støttebelte eller brokkbelte i samband med tyngre fysisk aktivitet. Det støttar og er ei påminning om å vere skånsam i daglege aktivitetar. Ved kroniske lungesjukdommar som for eksempel KOLS eller astma, bør ein bruke belte allereie første dag etter operasjonen. Ved ileostomi eller urostomi – klipp hol i beltet der stomiposen er.

Ein treng eigen resept for å hente ut belta. Dei kjem i mange ulike typar, størrelsar, høgder og grader av kompresjon.

En gruppe svarte og grå vesker

Ein kan få hjelp til tilpassing hos stomi- og kontinenssjukepleiar eller hos enkelte bandagister. Ved brokk, må beltet bli tatt på når brokket er inne, noko som er enklast å få til i liggande stilling.

Hoste/nys eller oppkast

Ved hoste og nys eller oppkast, vil buktrykket aukast. Da er det lurt å støtte imot stomien med ei hand/pute for å motverke presset. Det kan vere fornuftig å unngå røyk/vaping, da dette medfører auka risiko for hoste.

Unngå overvekt

Unngå overvekt, da dette spesielt kan disponere for stomibrokk.

Forstopping

Unngå forstopping – fordi forstopping aukar trykket i buken og kan disponere for utviklinga av stomibrokk.

Sist oppdatert 23.09.2024