Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Kirurgisk avdeling

Vi har som mål å gje deg eit optimalt behandlingstilbod. Aktuelle spesialitetar hos oss er urologi, karkirurgi, generell kirurgi, endokrinkirurgi og gastrointestinalkirurgi.

Kontakt

Postadresse

Helse Førde, kirurgisk avdeling, postboks 1000, 6807 Førde.

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

      Kva med ungane når eg er sjuk?

      Råd til foreldre og omsorgspersonar når familien opplever alvorleg sjukdom.
      Last ned brosjyren (pdf)
      Barn-som-pårørande---folder-nett.jpg