Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Helseinnovasjonskonferansen 2025

Helseinnovasjonskonferansen er ein møteplass for offentlege, private og frivillige aktørar, gründerar, helsepersonell og forskarar, som ønskjer å skape nye løysingar for helsesektoren.

12.
februar
2025
2 dagar
  1. 12. feb. 2025
  2. 13. feb. 2025

Tid og stad

Når

  1. 12. feb. 2025
  2. 13. feb. 2025

Kvar

Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Storehagen 2, 6800 Førde.

Påmelding

Frist for påmelding: 03. feb. 2025, 11:00

Dei store utfordringane i helsesektoren må vi løyse i fellesskap. Når vi må «redesigne» helsetenestene opnar det for spennande moglegheiter for meir offentleg-privat-samhandling. Vi må legge til rette for at næringsliv, utdanningssektor, kommune- og spesialisthelsetenesta og frivillig sektor kan jobbe i lag i eit verdiskapande samspel.  

Helse Førde er hovudarrangør, og på denne konferansen byr vi på mykje relevant innan forsking og innovasjon: panelsamtalar om dei krevjande tinga, gode innlegg om innovative måtar å gjere ting på, nye teknologiske løysingar, bedrifter på stand, spennande prosjekt, gründerbedrifter og ikkje minst: du får bli kjent med mange interessante menneske og miljø. Det vert to dagar med nettverksbygging og fagleg påfyll!  

I år set vi fokus på krafta i samarbeid!