Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Velkommen inn i Livabygget!

Vi har flytta inn i det nye Livabygget ved Førde sentralsjukehus - kanskje det mest moderne sjukehusbygget i landet. Bli med og sjå korleis stemninga var under innflytting og opning i dei ulike etasjane.
Sjå korleis flyttinga og opninga gjekk føre seg
Oversiktsbilde av Førde sentralsykehus

På utkikk etter ny jobb?

Vi i Helse Førde er stadig på jakt etter dyktige kollegaer.

Er du på utkikk etter ei ny stilling, og kunne tenke deg å jobbe med oss? På desse sidene kan du bli kjend med oss, og lære meir om Helse Førde som arbeidsstad.

Og ikkje minst kan du til kvar tid sjå kva stillingar vi har lyst ut. 

Jobb med oss i Helse Førde
En gruppe mennesker i hvite kapper

Nyheiter

Komande arrangement

  • INR - eigenkontroll av Marevanbehandling
    Tilbod til pasientar som ønsker opplæring i eigenkontroll av Marevanbehandling.
    INR - eigenkontroll av Marevanbehandling
    17.
    oktober
    2024
    3 dagar
  • Helseinnovasjonskonferansen 2025
    Helseinnovasjonskonferansen er ein møteplass for offentlege, private og frivillige aktørar, gründerar, helsepersonell og forskarar, som ønskjer å skape nye løysingar for helsesektoren.
    Helseinnovasjonskonferansen 2025
    12.
    februar
    2025
    2 dagar
  • Vegen vidare - Leve med, og etter kreft
    For pasientar som har gjennomgått kreftbehandling, og deira pårørande
    Vegen vidare - Leve med, og etter kreft
    27.
    mars
    2025
    2 dagar

Gi oss tilbakemelding

Har du noko på hjartet etter sjukehusbesøket?
Lytteposten har telefonnummer 415 30 350, og er eit lågterskeltilbod der du kan gje Helse Førde tilbakemelding på møtet ditt med sjukehuset.

Når pasientar og pårørande har noko å fortelje, så ønskjer vi i Lytteposten å høyre di historie.

Les meir om Lytteposten
En kvinne som har på seg hodetelefoner

eBehandling

eBehandling tilbyr veileda internettbehandling til deg som slit med panikkliding, sosial angst eller depresjon.

Veileda internettbehandling inneheld dei same elementa som ordinær kognitiv åtferdsterapi med behandlar i poliklinikk. Behandlinga er nettbasert, og kvar veke får du veiledning frå ein behandlar via internett.

Les meir om eBehandling
En mann og en kvinne som ser på en bærbar datamaskin

Til deg som skal føde

Vi har ein Kvinneklinikk med tilgang til spesialkompetanse innan fødselshjelp. Barselavdelinga der du og barnet er etter fødsel, er i same avdeling. Du kan og velje å ha barselopphald ved "God Start" einingane på Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus.

Til deg som skal føde
Et par menn som går gjennom en gang med et stort maleri på veggen