Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rutinar for svarrapportering

Svarrutinar /svartider på blodprøver analysert ved LMBB

Prøver frå  pasientar på avdelingar ve​​d sjukehusa:

Prøver som er tatt på sengepost blir analysert fortløpande, og svar blir overført til DIPS journalsystem når dei er klare. Normalt vil prøver som er tatt på morgonrunde vere ferdig analyserte kl 10:30 på kvardagar. I helg og høgtidsdagar må ein pårekne noko lenger svartid.  For prøver tatt på andre prøvetakingsrunder, vil svar normalt vere klare innan 2 timar.

ØH prøver vil som regel vere ferdig analyserte innan 2 timar.

For trombolysepasientar, traumepasientar etc  er det etablert spesielle hasterutinar


Prøver frå polikliniske pasi​​​entar på sjukehusa

Prøver som blir tatt av pasientar på prøvetakingspoliklinikk blir analyserte fortløpande. Normal svartid vil variere mellom 1-4 timar, avhengig av kva analysar som er rekvirerte og kor stor aktivitet det er ved laboratoriet.

For pasientar som skal til cytostatikabehandling/infusjonspoliklinikk vil prøvane bli prioriterte og det er lagt opp til raskare svartider. 


Prøver frå prim​​ærhelsetenesta

Prøver blir registrert og analysert etter kvart som dei blir mottatt: Svar på dei fleste analysane er klare same eller påfølgjande dag etter at prøven er mottatt

 

Generel​​​t

Alle prøvesvar ligg i elektronisk journal når dei er klare. Å gi ut prøvesvar på telefon er ein ressurskrevjande og usikker måte å rapportere på, og skal berre nyttast unntaksvis på medisinske indikasjonar.

LMBB har ut frå medisinske vurderingar utarbeidd «ringegrenser» ved sterkt patologiske svar. Sterkt patologiske svar blir ringt til rekvirent.

LMBB gir som hovudregel ikkje ut prøvesvar direkte til pasientar. Prøvesvar skal formidlast av pasienten sin lege.


Sist oppdatert 20.12.2022