Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
maskin for behandling av blodprøver

Prøvebehandling

Sjå www.labanalyse.helse-forde.no for korrekt prøvebehadling av enkeltanalysar

Fram​​stilling av serum.

Serum blir framstilt av blodprøver tatt på rør utan antikoagulant, med eller utan gel. Desse skal stå og koagulere i minimum 30 minutt og maks 2 timar i romtemperatur. Prøvene blir sentrifugert ved 2000 G i 10 minutt. For vanleg bordsentrifuge tilsvarar dette ca 3000 - 3500 omdreiingar per minutt (rpm), avhengig av diameter på sentrifuga. Viss prøven er tatt på rør utan gel, må serum avpipetterast til sekundærrør.

 
Dei som har sentrifuge med ”swing out”- rotor, kan nytte gelrør til framstilling av serum. Bland blodet straks etter prøvetaking ved å vende gelrøret 6 - 8 gonger. Lat det deretter stå i stativ til koagulering i minimum 30 minutt, maksimum 2 timar. Sentrifuger gelrøret i 10 minutt ved 2000G. Silikongelen skal etter sentrifugering ligge som ein heil barriere mellom serum og blodceller. For låg fart under sentrifugering kan gi ujamn gel og det hender at gelen ikkje kjem opp til området mellom serum og celler. Dersom serumet ikkje er blodtilblanda, kan ein sende prøven slik den er utan å avpipettere serum. Er serumet blodtilblanda, må ein pipettere serumet over i eit plastrør og sentrifugere på nytt. Skil serumet frå blodlegemane etter resentrifugeringa. 
 
Prøve til ionisert kalsium: Serumrør med gel. Vi må ha eit fullt, sentrifugert gelrør der korken ikkje har vore av.
 
Ved hemolyse i prøven blir verdiane av enkelte analysar falskt for høge. Kalium, LD og folat er dei analysene som blir mest påverka.
 

Framstill​​ing av plasma

Plasma blir framstilt av blodprøver tatt i rør med antikoagulant (EDTA, heparin eller citrat). Etter prøvetaking må innhaldet blandast godt (vend røret 6-8 gonger) og sentrifugerast innan to timar. Deretter kan plasmaet pipetterast over i plastrør til transport. Plastrøret merkast med kva type plasma det er.
 

Rør med antik​​oagulasjonsmiddel

Enkelte analyser krev at blod blir tilsett ein antikoagulant når prøven blir tatt.  Fylgjande antikoagulantar kan nyttast, avhengig av kva komponentar som skal analyserast.
Citrat: 1 del 3.8 % (0.13 mmol/l) Na-citrat til 9 delar blod (vakuumglas med lys blå kork). Det er viktig at desse røra blir fylt til merket. Til analyse av koagulasjonsprøver.
EDTA: 50 µl av ein 15 % (0.37 mmol/l) K3 – EDTA løysing til 4 ml blod (vakuumglas med lilla kork).  Til analysering av hematologi.
Citrat til SR: 1 del Na-citrat til 4 delar blod. Spesialrør med svart kork. SR-analysen har kort haldbarheit og kan ikkje sendast som post. 


Hald​​barheit

Alt prøvemateriale har begrensa haldbarheit. Sjå Labanalyse for den enkelte analytt. Ver merksam på sending av prøver over helg og helgedagar. 


Sist oppdatert 28.12.2022