Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Elektronisk rekvirering

Helse Vest har frå 2014 hatt ei nettbasert bestillingsløysing, DIPS Interaktor, som gjer det mogeleg for legekontora å rekvirere blodprøveanalysar og andre laboratorietenester elektronisk frå sjukehuslaboratoria i helseregionen. Bestillingsløysinga kan brukast av legekontor med journalsystema CGM Journal (tidl. WinMed3), WinMed2, Plenario og System X. Med den elektroniske bestillingsløysinga kan legekontora rekvirere til fleire sjukehuslaboratorium og fleire fagspesialitetar samtidig (medisinsk biokjemi, mikrobiologi og patologi).

Ved rekvirering får ein opplysingar om prøvemateriale, haldbarheit og ev. spesielle rutinar for behandling av prøven. Etikettskrivarar som er installert ved legekontoret skriv ut ferdig merka etikettar som kan nyttast av laboratoriet ved mottak. Dette effektiviserer rutinane ved laboratoria og reduserer risikoen for feilmerking.

Elektronisk rekvirering av laboratorietenester bidreg til at legekontora får raskare prøvesvar og risikoen for feil vert samstundes redusert. Legekontoret får kontinuerleg oppdatert tenestetilbod og har til ei kvar tid oversikt over rekvirerte prøvar i sitt journalsystem.

Dersom ein ynskjer å ta i bruk elektronisk rekvirering, ta kontakt med Helse Vest IKT Samhandling. Telefon 55976540 eller epost: samhandling@helse-vest-ikt.no  


LMBB
LMBB har inkludert Helse Bergen sine analysar i sitt tenestetilbod. Dette betyr at analysar som blir analysert ved laboratoria i Helse Førde har grøn farge i Interaktor, medan Helse Bergen sine analysar er rosa. 

Etikettane viser kva laboratorium prøven skal sendast til, Helse Førde har svart bakgrunn med kvit skrift, medan Helse Bergen har kvit bakgrunn og svart skrift. 

etikett med påskrevet pasientnamn og informasjon

IHR etikett LMBB


Kopimottakar
Dersom legekontoret ynskjer at ein anna rekvirent skal få kopi av prøveresultata må ein bestille analysen som heiter «Kopimottakar». Legg inn informasjon om kven dette er, så vil laboratoriet registrer dette i sitt system. (Funksjonen kopimottakar som er tilgjengeleg i enkelte av journal-systema er ikkje aktiv i Interactor.)


Sist oppdatert 28.12.2022