Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Betongbygning med kunstverk i rosa, gult og svart måla på veggen

Ludvig Eikaas

Ludvig Eikaas var både grafikar, målar, skulptør og konseptkunstnar. Han var kjend som ein utprøvande og spontan kunstnar som aldri slo seg til ro med ein teknikk og eitt bestemt uttrykk. Denne evna til variasjon har gjeve han ein sterk posisjon i norsk kunsthistorie.

​Ludvig Eikaas (1920-2010) frå Jølster var ein av den norske etterkrigstidas mest markante biletkunstnarar. Han flytta i ung alder til Oslo kor han studerte ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og deretter ved Statens Kunstakademi og Kunstakademiet i København. Han debuterte på Høstutstillingen i 1946 og har sidan den tid hatt mange utstillingar i inn- og utland. Frå 1970 var han professor ved Statens Kunstakademi, og i perioden 1981-83, rektor same stad.

Eikaas er representert i om lag 10 norske kunstmuseum i tillegg til Statens Museum for Kunst i København, Brooklyn Museum of Art i New York, Grand Palais i Paris og Galleria degli Uffizi i Firenze. Han var gift med tekstilkunstnaren Synnøve Anker Aurdal (1908 – 2000). I 2000 vart Eikaas utnemnd til Riddar av første klasse, St Olavs Orden, for kunsten han har skapt og si formidlingsevne.

I 1994 fekk han sitt eige galleri i Jølster og per i dag tel Eikaassamlinga over 850 verk. Den omfattar grafikk, maleri, skulptur, trykkplater, collage, readymades m.m.

Kjelde: Samtidskunst.com

Sist oppdatert 20.10.2022