Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Glaskorridorane sett frå utsida

LIVA SOM INSPIRASJON

Livabygget

Liva (norrønt); Liv er eit kvinnenamn utgått av det norrøne ordet hlif som betyr «vern» eller «å beskytte». Namnet har også blitt assosiert til det norrøne ordet líf, «liv».

Det har i arbeidet med kunsten blitt prioritert å få ein god samanheng i bygget gjennom å underbygge namnet "Liva".

I val av kunstnarar har det vore viktig å få ein god samansetning av kunstnarar med tanke på alder, kjønn og geografisk tilknyting.  

Det har vore eit mål at kunsten skal bidra til å skape samanheng mellom Livabygget og det eksisterande Svanabygget, mellom anna ved å granske historia og arkitekturen. Det har vore særleg viktig å vidareføre fargepaletten frå Svanabygget.

 

Kunstverk av Javier Barrios 

maleri på plexiglas

Circuit (2024) - Fire gjennomlyste maleri på plexiglas.
Foto: Javier Barrios 

Til resepsjonsområdet i 4., 6., 7. og 8. etasje i Livabygget har Javier Barrios laga fire vegghengte verk i serien Circuit. Verka er laga som abstrakte maleri på plexiglas og er gjennomlyst av LED-lys. Måten Barrios nyttar lys og kombinerer fargar gjer at verka framstår glødande og som fulle av energi. Sirkelforma, som er eit gjennomgåande element i kunstnarskapen, leier tankane mot soler og planetar, og gir Circuit eit kosmisk uttrykk.

Kunstnaren ved verket sitt

Foto: Helse Førde


Javier Barrios monterte sjølv verka sine i Livabygget.


Gjennom penselstrøka og dei organiske formene oppnår Barrios ein dynamisk verknad og tekstur, og slik skapar han ein slags eksperimentell topografi. På avstand er særleg fargen og lyset iaugefallande, mens dei som ser nå nært hald vil oppleve nye former og detaljer. Dei fire verka til Livabygget får kvar sin farge – oransje, gul, grøn og blå – som også speglar med fargepaletten i dei ulike etasjane.

 

Kunstverk av Harald Fenn  

Vindauge med glaskunst

Foto: Harald Fenn


Hagen: (2024) Kunstverk i folie på vindauge.


 

Til glaskorridoren som bind saman det nye og gamle sjukehusbygget på Førde sentralsjukehus har Harald Fenn skapt eit kunstprosjekt som strekkjer seg over fem etasjar, frå fjerde til åttande. Verket består av farga, transparente foliar som er montert på vindauga i korridoren mellom Svanabygget og Livabygget.

Kunstnaren under montering av kunsten

Foto: Helse Førde


Harald Fenn var tilstade i Livabygget då kunstverka vart monterte i glaskorridorane.


 

Fenn har gitt kvar etasje sin eigen farge, og late seg inspirere av strået, kvisten, greina og rota – alle element som i sin enkelheit òg representerer det enklaste verkemiddelet vi har i kunsten, nemleg streken. På sørsida der bygget har mest vindauge og utsikt, skapar eit mønster av abstrakte linjer ein optisk og romleg verknad, der òg strekane sin dynamiske komposisjon kan assosiere til liv, nysgjerrigheit, forandring og draumar. På nordsida der glasfasaden er smalare, vert etasjane bundne saman vertikalt ved éi enkelt linje som i sin enkle form kan minne om ei spire, ein livsnerve eller eit håp.  

 

Glaskorridorane sett frå utsida

Foto: Helse Førde


Glaskunsen i Livabygget blir godt synleg også frå utsida. Dette bildet er teke rett etter at kunsten var montert i februar 2024.


Sist oppdatert 25.07.2024