Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
billedvev av ei blødande kvinne som heng på ein betongvegg

Elisabeth Haarr

Elisabeth Haarr har vore ein av dei mest betydningsfulle kunstnarane i Noreg sidan slutten av 1960-talet. Ho jobbar med tekstilar i ei rekke ulike formspråk.

Ein betydningsfull norsk tekstilkunstnar​​​​​​

I mer enn 50 år har Elisabeth Haarr vore ei av dei mest betydningsfulle kunstnarane i Noreg. Sidan slutten av 1960-tallet har ho jobba med tekstilar i ei rekke ulike formspråk. Frå tidleg eksprimentering med potensialet til billedvev som moderne billedkunst, til politiske verk med eit aktivistisk bodskap på 1970-tallet, og seinare skulpturelle installasjonar av tepper, bannarar, figurar og draperingar, gav Haarr oeuvre viktige bidrag til mottakinga av tekstilar som materiale i dagens kunst.


Haarrs kunst er både anti-elitistisk og avantgarde på ein gong, og eminent gjenkjenneleg og eksperimentelt grenseoverskridande. Ho kombinerer interessa for tekstil som materiale og historie med ei kritisk feministisk tilnærming. På denne måten bidreg Haarr til å få fram «ei annleis historie», og viser til kunnskapen om tekstilfabrikasjon som historisk kjønnet, og på kvinners ofte oversett bidrag til kulturhistoria. Som med hennar forgjengar på tekstilfeltet, Hannah Ryggen, var dei politiske protestane tydelige i mange av Haarr sine tidlige arbeid, som kretsa rundt kvinnekamp, miljøvern og maktkritikk. I dag trekk dei politiske sakene like sterkt fram, men uttrykket spelar i større grad ut med symbolsk ladde, materialspesifikke ressursar.



Sist oppdatert 20.10.2022