Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
tre lysekruner i glas i rosa, blått og grønt, samt ein veggkonstruksjon som heng på ein betongvegg

Daga som inspirasjon

Dagabygget

Daga (norrønt); lysne, dagast, som kan minne om lys, ein ny dag, nye moglegheiter, ein ny start.

Det vert arbeidd for at kunsten medverkar til historieforteljing gjennom positive assosiasjonar til lys og ein ny dag.

Vi inviterer deg til å ta ein tur mellom farger, former, lys og skugge for å bli betre kjend med dei kunstverk og kunstnarar som vi er både stolte og takknemlige for å kunne presentere​.


Kunstverk av Vidar Koksvik​

lysekrune i glas i rosa og lillafargar

Tre lysekroner (2021) - Lysskulptur i tre delar av Vidar Koksvik, ved inngangspartiet i Dagabygget. Foto: Oddleiv Apneseth

​​Det tredelte verket er sett saman av tre lysskulpturar som er festa i taket og heng med ulik lengde svevande i rommet mellom første og andre etasje. Verket har eit vennleg, innbydande og positivt uttrykk. At skulpturane lyser er ytterlegare med å underbygge namnet på bygget, Daga, og refererer til lys, ein ny dag, nye moglegheiter, ein ny start. Koloritten i blå, grøn og rosa er henta frå fargepaletten til interiøret. Vidar Koksvik er født 1969 i Kristiansund, og vokst opp i Naustdal i Sunnfjord. Vert rekna blant dei viktigaste glaskunstnarane i sin generasjon i Norge.​

​Kunstverk av Anders Gjennestad​

tre lysekruner i glas i rosa, blått og grønt, samt ein veggkonstruksjon som heng på ein betongvegg

Veggkunst (2021) av Anders Gjennestad og Vidar Koksvik ved inngangspartiet til Dagabygget. Foto: Anders Gjennestad

Kunstverket har eit monumentalt og leikent uttrykk. Det er laga for staden og skuggen illuderer lyset frå vindauget. Vinden som lyfter duken spelar på samanhengen med naturen utanfor, den grøne fargen gjer det same. Duken kan sym-bolisere at vi alle har essensielle likskapar, vi er laga av same stoff, men møter ulike forhold i verda som gjer ulike ting med oss. Ting som er knurva/krøllete kan rettast ut. Duken kan også peike mot at ein her-og-no-tilstand alltid er foranderleg. Duken kan også vere eit bilete på noko eksistensielt, at det vakre ikkje finst i det glatte, men i strukturen som kjem av at ting har spor av levd liv. ​​​​​​​

murvegg i ein korridor med ein betongvegg med kunstverk av fire gutar som leikar

Veggmaleri (2021) til murvegg på barne- og ungdomspsykiatrien (BUP). Foto: Anders Gjennestad

Verket viser samhald, leik, samspel og dynamikk. Motivet har ein sirkulær rørsle som bryt dei strame linjene og flatene på staden. Kunstverket er laga for staden og avdelinga - eit integrert verk med eit uttrykk som kommuniserer med eit ungt publikum.

Gjennestads kunst står i ein kunstnarisk tradisjon i spennet mellom street-art, kamerabasert kunst og annan samtidskunst. 

​​Kunstverk av Britt Smelvær

bilete av gårdsrom ovanfrå som viser bogar, møblement og plantar

Stillerom for fargen blå og sirkelbogar (2021) - Installasjon i gardsrom ved Dagabygget av Britt Smelvær sett ovanfrå. Foto: Oddleiv Apneseth

Kunstverket er sett saman av ein blå og ein kvit glasfiberboge med ledlys på undersida, ei lakkert aluminiumsform på ein vegg og vindaugskarmar i ein kontrastfarge (oransje). Verket vert godt synleg og kan sjåast frå alle vindauga i bygget. Det vil få ulike uttrykk i dagslys og kveldslys - sommar og vinter. Verket har eit beroligande uttrykk, det er former som gjev ro, samstundes som det inviterer folk til interaksjon og utforsking. Smelvær har laga ein rekke store romlege installasjonar, kunst ute i land-skapet, og etter kvart også prosjekt med måleri, foto og grafikk.​

Kunstverk av Kristina Aas

fargerikt billedvev med fleire sirklar i ulike storleikar

Mother and child (2018) - 151 x 130 cm digitalt jacquardvev i ull av Kristina Aas. Foto: Oddleiv Apneseth

Kristina Aas jobbar med vev, broderi, installasjonar, video og collage. 
Ho jobber mest med digital jacquardveving: ein teknikk som foreinar den gamle tankegangen på vevd overflate med ny digital teknologi. Jobbar deltid som tekstildesignar i Innvik AS, eit veveri på Vestlandet. 

Arbeida hennar endrar uttrykk avhengig av betraktaren sin ståstad, frå å sjå flate og komplekse ut til å ha dimensjon og visuell djupne.​

Kunstverk av Maiken Stene

eit miljø med brun vegg med eit kunstverk i tre på veggen, og to stolar i blått, samt ein trestol

Copies on a stroll (2017) - Olje på kryssfinér av Maiken Stene. Foto: Oddleiv Apneseth

Stene fokuserer på natur; korleis vi samhandlar med, og visuelt representerer den, både historisk og i dag. Ho undersøker korleis industrielle endringar av landet kan påverke våre forventa idéar om korleis naturen skal sjå ut.
korridor med 2 grøne plantar, ein sjeselong med ein grøn vegg bak der det heng eit fargerikt kunstverk

Foto: Oddleiv Apneseth

I storskala målarinstallasjonar studerer ho dei komplekse prosessane frå den augneblinken ein har eit møte med naturen - til korleis inntrykka frå dette møtet kan forvandlast til eit kunstnarisk uttrykk. 

eit miljø med brun vegg og ei kryssfinerhylle med to grøne planar. På veggen heng eit foto med ein sofa og to pinnestolar framom

Gjennom Teodolitten (2018) - Digitalfotoprint på bomullspapir av Maiken Stene. Foto: Oddleiv Apneseth

Ein kvit vegg med 8 kunstverk i ulike storleikar som heng på veggen og ser ut som fuglar.

Når tomheten sperrer for utsikten (2019) av Maiken Stene. Foto: Oddleiv Apneseth

Kunstverk av Aase Kvikne Bjordal

fire fargerike bilete i rammer som heng på ein grå vegg med ein grøn stol framfor

Fjordlandskap (1970, serigrafi 39/40), Da é oave so ho skine soli nord pao (1972, eige trykk), Stjerner og spisser (1969, serigrai 65/350), Runde former i kvadrat (1969, serigrafi 69/350). Foto: Oddleiv Apneseth

Som grafikar tok Bjordal sine tidlegare verk ofte utgangspunkt i det gamle bygdemiljøet, med eit figurativt formspråk og stemningsskapande forenkling i landskapet. Seinare tok kunsten hennar ei abstrakt vending, prega av spontanitet og fri improvisasjon. 
Bjordal vert i dag hylla som ein pionér innan norsk modernistisk kunst.

Bjordal har hatt fleire store utstillingar i utlandet, til dømes Trends modern Art i London tre gonger, Oregon University, USA, med fleire. ​

Kunstverk av Per Kleiva

bilete som heng på ein betongvegg og som viser eit born og nokre fuglar

De vaksne si verd av Per Kleiva - Heng ved heisen ved hovudinngangen. Foto: Oddleiv Apneseth

Per Kleiva har henta mykje inspirasjon frå popkunst, og menneskeskikkelsar. Natur og objekt var gjennomgåande motiv i kunstnarskapen hans. Han hadde suksess både i Norge og i utlandet. Arbeida hans står som ikon i norsk kunsthistorie. ​

Kunstverk av Arve Håland

betongvegg med trefigurar i ulik storleik og former

Komposisjon av treskulpturar av Arve Håland - Heng ved heisen i 1. etasje. Foto: Oddleiv Apneseth

Arve Håland har arbeidet som profesjonell biletkunstnar sidan 1972 og har delteke i mange utstillingar og hatt ei rekke utsmykkingsoppdrag. 

Håland er fascinert av det målariske språket, eigenskapar og kombinasjons-moglegheitene det har. Han maler også på ulike overflater som mur og glas. 


​Kunstverk av Maria Hjelmeland

betongvegg med fargerikt måleri som skal forestille gamle kimonoar.

Close-up of 200 year old kimono, well-worn and neatly mended, in neon twilight av Maria Hjelmeland - Olje-, gull- og spraymåling på finér som heng i korridoren til BUP i 2. etasje. Foto: Oddleiv Apneseth

Maria Hjelmeland måler bilete som vert omtalt som abstrakt ekspresjonisme. 
Ho har hatt utstillingar både i Norge og i utlandet.  I 2005 fekk Hjelmeland eitt års arbeidsstipend ved Nordisk Kunstnarsenter i Dale i Sunnfjord. 

Den kunstnariske prosessen står sentralt når ho arbeider, som ein vedvarande frydefull, komplisert kamp med materialane i interaksjon med hennar eige liv og som dannar det endelege visuelle utrykket.  Prosessen kan gå frå å vere ekspressiv til nærast kontemplativ. 

Titlar har blitt ein sentral del av hennar verk og metode. Nokre gonger kjem dei til i byrjinga av ein arbeidsprosess, andre gonger i slutten, eller som i “Close-up of 200 yr old kimono, well-worn & neatly mended, in neontwilight”, midt i. 


​​Kunstverk av Gunnar Thoresen

betongvegg med to keramikkfat i svart og gull som heng på veggen

Ovale og kvadratiske keramikkfat av Gunnar Thorsen - Heng i korridor i 2. etasje

​​Arbeida hans kjenneteiknast ved å vere presist konstruert med eit geometrisk formspråk og er oppteken av det arkitektoniske og eksakte ved formgjeving av objekta, og korleis framheve dei tilsynelatande enkle formene ved hjelp av glasur og materiale. Jaktar på presise former der glasur, brenning eller materiale gjev rikdom til forma. ​


​​Kunstverk av Alf Ersland

Litografi på ein oransje vegg i ein korridor med 2 grøne plantar og ein stol

Landskap av Alf Ersland - Litografi som heng i 2. etasje ved ventesone BUP. Foto: Oddleiv Apneseth

Alf Ersland arbeider med oljemåleri, teikning, grafikk og foto. Har hatt ei rekke separatutstillingar og er innkjøpt av Nasjonalmuseet for kunst og arkitektur, Norsk kulturråd og Nordisk Kunstsenter i Helsinki for å nemne nokre. Han har gjort utsmykkingsoppdrag for Ullevål sykehus og Politihøgskolen i Oslo.
Grå vegg med eit innramma og fargerikt bilde. Framfor står ein grøn plante

Gult landskap av Alf Ersland - Litografi som heng i 2. etasje ved ventesona til BUP. Foto: Oddleiv Apneseth

​Kunstverk av Mikkel Wettre

gråmalt vegg med 3 innramma skulpturar i grønt og blått.

Kunstverk av Mikkel Wettre - Heng i korridor på BUP. Foto: Oddleiv Apneseth

Mikkel Wettre billedkunstner og professor i form. Hans spesialområder er skulptur og installasjon, og han har bred kompetanse innen offentlig kunst der han har hatt sitt virke både som kunstner og som kunstkonsulent for en lang rekke offentlige oppdrag. I sin kunstneriske forskning er han hovedsakelig opptatt av materialitet, sansning og menneske-teknologi-relasjoner, som han undersøker gjennom praktisk utforskning av både kunstneriske prosesser og artefakter.​


Sist oppdatert 12.12.2022