Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Hjarterehabilitering i Helse Førde
Alle som har hatt hjarteinfarkt, er behandla med utblokking av kransårar (PCI), eller har operert kransårar med bypass operasjon (ACB-opr), (evt. klaff) kan tilvisast hjarterehabilitering. Du må ha tilvising frå lege for å delta i hjarterehabiliteringsprogrammet.
Kva er hjarterehabilitering?
Hjerterehabilitering i Helse Førde inneheld trening, undervisning og medisinsk oppfølging. Tilbodet er organisert frå Nordfjord Sjukehus, men du trenar og har oppfølging ved ditt lokalsjukehus, enten i Førde, Lærdal eller Nordfjordeid, mesteparten av rehabiliteringsperioden. Undervisning og testing/undersøking i forkant av rehabiliteringa går føre seg ved Nordfjord Sjukehus.
Tilbodet er tverrfagleg, og rehabiliteringsteamet er sett saman av sjukepleiar, fysioterapeut, hjertelege og ved behov farmasøyt, klinisk ernæringsfysiolog og psykolog.
Trening er ein viktig del av rehabiliteringa, og det vert lagt opp til trening to dagar i veka, ved lokalsjukehuset ditt, i tillegg til eigentrening. Hjarterehabiliteringsteamet vil rettleie, informere og gi deg råd, samtidig som du deltek aktivt i di eiga rehabilitering.
Eit av måla med hjerterehabiliteringa er å gjere deg trygg. Vi vil gi deg auka kunnskap om hjertesjukdomen og erfaring med kva hjertetrening er, slik at du kan halde fram med å ta gode val også etter rehabiliteringa.
Mestring, medisinsk oppfølging, møte med andre i liknande situasjon er viktige faktorar i rehabiliteringa.
Gjennom undervisning og individuell oppfølging vil du få auka kunnskap og innsikt i eigen situasjon, slik at du er i stand til å betre mestre sjukdomen og kjenne deg trygg.
Etter utblokking eller hjerteinfarkt der du har fått sett inn stent (PCI), kan du vanlegvis starte trening om lag 2 – 3 veker etter utskriving. Dersom du er hjarteoperert kan du starte med lettare aktivitet 4 til 6 veker etter operasjonen, men allereie første veka etter operasjonen er det fint å komme i gang med lette turar heime.
Det er ingen øvre aldersgrense for å delta på hjarterehabiliteringa, men du bør ha eit visst fysisk funksjonsnivå for å kunne delta på full rehabilitering med både undervisning og trening.
Du må kunne gå utan hjelpemiddel
Du må kunne gjennomføre ein tur på 30 minutt på flat eller noko kupert veg
Du må også vere motivert for trening.
Når vi har motteke tilvisinga di, tek vi kontakt med deg for å informere om tilbodet, og avklare kva opplegg som er best egna for deg.
Det er lagt opp til totalt fire dagar med teoriundervisning for alle som deltek, 2 i starten av rehabiliteringa og 2 dagar omlag halvvegs i perioden. Desse dagane vert arrangert på Nordfjord Sjukehus.
Vi går gjennom følgjande tema under teoriundervisninga:
Sjukdomslære
Trening og fysisk aktivitet ved hjartesjukdom
Kosthald
Innlegg frå brukarrepresentant
Medisinar
Risikofaktorar i samband med hjartesjukdom
Psykisk helse og normale psykiske reaksjonar
Seksualitet ved hjartesjukdom
Motivasjon og meistrin ved livsstilsendringar
Undervisninga er ein viktig del av opplegget, og vi forventar at du deltek på dette når du deltek i hjarterehabiliteringsprogrammet. Kunnskap gir tryggleik, og betre mestring av eigen situasjon.
Vi har også med oss ein erfaringskonsulent i undervisningsopplegget, som delar sine tankar om eigne opplevingar og hjarterehabiliteringa.
Treninga er under leiing av fysioterapeut, med sjukepleiar tilgjengeleg. På første trening vil fysioterapeuten tilpasse intensiteten på treninga etter di fysiske form og kondisjon. Dei fleste treningane er i grupper, men den enkelte trenar likevel etter eiga evne.
Treninga på hjerterehabiliteringa skal kombinerast med eigentrening. Det vil hjelpe deg å etablere og oppretthalde nye og gode vanar vidare. Du får råd og rettleiing og legg opp treninga etter eige ynskje. Treninga bør vere motiverande og ha rett intensitet.
Vi trenar etter intervallprinsippet, med 4 x 4 min intervall. Det betyr 4 minutt med høg intensitet som vert gjenteke 4 gonger. Vi varmar godt opp før vi aukar intensiteten og har aktive pausar mellom kvart intervall.
Hjartetrening er kondisjonstrening. Det betyr trening som gjer deg andpusten. Ei slik treningsform med høg intensitet er godt dokumentert som ei trygg og effektiv treningsform for hjartepasientar. Etter intervalltreninga følgjer 15-20 minutt med styrketrening, bevegeligheit, uttøying eller avspenning.
For å delta på hjerterehabiliteringa må du ha tilvising frå lege. Det skjer oftast i samband med utskriving frå Haukeland eller lokalsjukehuset ditt. Fastlege kan også tilvise. Kontakt oss gjerne dersom du har spørsmål.
Kostnad:
Eigenandel 375 kr (ingen eigenandel ved frikort). Pårørande gratis.
Eigenandel 375 kr for undersøking/belastningstest i forkant.
Ingen kostnad ved frikort.
Det vert servert kaffi/te, frukt/grønsaker på kurset. Det er også høve til å kjøpe lunsj.
Utgifter til reise, kost og eventuell overnatting vert dekka etter faste takstar. Ved behov for tilrettelegging av reisa ta kontakt med pasientreiser på tlf 05515, eller på pasientreiser.no
Rehabiliteringsprogrammet har oppstart 5 gongar i løpet av året.
januar/februar
mars/april
mai/juni
september/oktober
november/desember
Gå til arrangementssida for meir informasjon om kursprogrammet, og tilgjengelege tidspunkt for oppstart.
Dersom du ynskjer meir informasjon om hjarterehabilitering i Helse Førde, kan du ta kontakt med oss på 90 59 18 98 / 57 86 40 03.