Likeverdige helsetenester - uansett kor du bur?

Helseatlas

Nasjonalt helseatlas samanliknar befolkninga si bruk av spesialisthelsetenester gjennom interaktive kart, rapportar og faktaark.

Nasjonalt helse-atlas (helseatlas.no) 

Den nasjonale oppgåva med å utvikle ei nasjonal helseatlasteneste er lagt til Helse Førde i Helse Vest RHF og Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) i Helse Nord RHF.

Ei helseatlasteneste skal gi betre kunnskap om bruk og variasjon av helsetenester. Atlastenesta skal presentere omfang, ulikskapar og utviklingstrendar av helsetenester fordelt på ulike geografiske område. Eitt av hovudmåla for helsetenestene i Noreg er at tenestene skal vere likeverdige og tilgjengelege for pasientane uavhengig av kvar du bur. Store variasjonar i bruk av helsetenester, mellom ulike område der pasientane bur, er ikkje ønskjeleg dersom sjukdomsfordelinga er lik. 

Helse Førde har publisert følgande på www.helseatlas.no :

  • «Helseatlas i ortopedi for Noreg. Bruk av helsetenester innan ortopedi 2012 – 2016» (desember 2018).
  • «Helseatlas for psykisk helsevern og rusbehandling. Oversikt og analyse i bruk av psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar i Noreg for åra 2014-2018» (juni 2020). Sjå videolink frå  lanseringa av helseatlaset her.
​Andre analysar:

Møt helseatlas-gjengen

gruppebilete av dei som jobbar med helseatlaset
Helseatlasteamet i Helse Førde: (frå venstre) Maria Holsen, Knut Ivar Osvoll, Marte Bale, Oddne Skrede og Haji Kedir Bedane.

Helseatlastenesta i Helse Førde er ein del av seksjon for forsking og innovasjon i fag- og utviklingsavdelinga, og har fem tilsette.

 

 

 




Fann du det du leita etter?