Snart møter du dei på sjukehuset
Etter lang tid med planlegging og mange brikker som skulle ramle på plass, er korpset med dei første frivillige ferdig kursa og klare til innsats på Førde sentralsjukehus.
Det vesle ekstra ved sjukehuset
Eit møte med sjukehuset kan for mange vere nytt og ukjent. Innsatsen til dei frivillige kan gjere ein stor forskjell.
Vi ønsker at pasientane skal møtast med omsorg og varme, og føle seg ivaretatt frå første stund når dei kjem til sjukehuset. I ein travel kvardag er det mykje dei frivillige kan hjelpe til med.
Som frivillig kan vi gjere det lille ekstra for pasientane våre. Vi er tilgjengelege i ventesoner og i korridorar ved poliklinikkane, eller til hjelp ved ein sengepost – oppgåvene er blant anna å vise veg, og svare på spørsmål frå pasienter og pårørande.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale.
E-post: frivillig@helse-forde.no
Kontaktpersonar:
Trude Njøsen Helgås - tlf. 97 10 11 10
Håvard Nesse Røneid - tlf. 99 60 28 54
Etter lang tid med planlegging og mange brikker som skulle ramle på plass, er korpset med dei første frivillige ferdig kursa og klare til innsats på Førde sentralsjukehus.