Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Lyspære som ligg på eit bord

Forsking og innovasjon

Forsking er ei av dei fire hovudoppgåvene til sjukehuset, saman med pasientbehandling, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande.

 
​Aktive forskingsmiljø bidreg til å styrkje kvaliteten på behandlingstilbodet. Forsking er difor tett integrert med den kliniske delen av verksemda og eit viktig satsingsområde for Helse Førde HF.
 
Helseføretaka skal også ha ein naturleg plass i innovasjonsarbeid. Innovasjon i helsesektoren handlar om å utvikle og innføre nye og betre produkt og teneste. Slik sett kan innovasjon gi auka kvalitet og auka effektivitet i helsetenesta. 
 
 

Helseforsking Sogn og Fjordane er eit samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet. Målet med samarbeidet er å styrka forsking, innovasjon of utvikling innan helsetenesta i Sogn og Fjordane

Vi har to tematiske forskargrupper.

  • Persontilpassa helsetenester (PERSONFORSK)
  • Kvalitet og innovasjon i eldreomsorg
Samarbeidet har eigen nettstad:

Helseforsking Sogn og Fjordane

Ei helseatlasteneste skal gi betre kunnskap om bruk og variasjon av helsetenester. Atlastenesta skal presentere omfang, ulikskapar og utviklingstrendar av helsetenester fordelt på ulike geografiske område. Eitt av hovudmåla for helsetenestene i Noreg er at tenestene skal vere likeverdige og tilgjengelege for pasientane uavhengig av kvar du bur. Store variasjonar i bruk av helsetenester, mellom ulike område der pasientane bur, er ikkje ønskjeleg dersom sjukdomsfordelinga er lik. 

Helse Førde har publisert følgande på www.helseatlas.no :

  • «Helseatlas i ortopedi for Noreg. Bruk av helsetenester innan ortopedi 2012 – 2016» (desember 2018).

  • «Helseatlas for psykisk helsevern og rusbehandling. Oversikt og analyse i bruk av psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar i Noreg for åra 2014-2018» (juni 2020). Sjå videolink frå  lanseringa av helseatlaset her.

​​Andre analysar:

  • ​Geografiske variasjonar i bruk av somatiske spesialisthelsetenester hos personar i psykisk helsevern. Analysar for Noreg 2017-2019.​

Analysar av somatiske helsetenester for personar i psykisk helsevern og rusbehandling.pdf


Møt helseatlas-gjengen

gruppebilete av dei som jobbar med helseatlaset
Helseatlasteamet i Helse Førde: (frå venstre) Maria Holsen, Knut Ivar Osvoll, Marte Bale, Oddne Skrede og Haji Kedir Bedane.

Helseatlastenesta i Helse Førde er ein del av seksjon for forsking og innovasjon i fag- og utviklingsavdelinga, og har fem tilsette. Arbeidsstad er Angabygget, Førde Sentralsjukehus. 

Kontaktinformasjon:
Marte Bale, leiar. Telefon +47 971 25 969. E-post.
Oddne Skrede, analytikar. Telefon +47 578 31 680/ + 47 901 07 594 E-post.
Knut Ivar Osvoll, analytikar og IKT rådgjevar. Telefon +47 578 39 762 / +47 900 72 542. E-post.
Maria Holsen, lege/PhD/seniorrådgjevar. Telefon +47 578 31 679/ +47 407 68 635. E-post.
Haji Kedir Bedane, biostatistikar/​seniorrådgjevar, telefon +47 578 316 78, E-post.​​

Her finn du Helse Førde sitt internkontrollsystem forsking og retningslinjer for medisinsk og helsefagleg forsking. Internkontrollsystemet for forsking er utarbeida som eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen og tilpassa Helse Førde si verksemd.
Retningslinjene i internkontrollsystemet skal være praktiske hjelpemiddel for forskarar til å planlegge og gjennomføre forskingsprosjekt i tråd med god og etisk forsvarlig medisinsk og helsefaglig forsking.

Les meir: Handbok Helse Førde

Innovasjon handlar om å utvikle og innføre nye og betre produkt og tenester, men også om forbetringar i form av betre og meir kostnadseffektive prosessar, organisatoriske løysingar og pasientflyt.
Innovasjon er viktig for å auke den offentlege verdiskapinga gjennom betre kvalitet og kostnadseffektivitet. Slik sett kan innovasjon gi auka kvalitet og auka effektivitet også i helsetenesta. 

Helse Førde samarbeider med Høgskulen på Vestlandet rundt forsking og innovasjon gjennom Helseforsking Sogn og Fjordane. Du kan lese meir om innovasjonsaktiviteten vår på den felles nettsida.

Her vil du også finne nettressursar for korleis ein skal gå fram dersom ein ønskjer å starte eit innovasjonsprosjekt i Helse Førde.

Kontaktperson:

  • Rukan, Gro
    Rådgjevar innovasjon.
    Mobil 913 21 392 / e-post

Det finnast idémottak i alle helseføretaka i Helse Vest. Du kan sende ideen din direkte til Helse Førde her:

Idèmottaket

Mjanger, Guro

​Seksjonsleiar. Mobil 992 58 047/ e-post

​Solheim, Marit Eva

Forskingsleiar. Mobil: 400 46 114 / e-post

Rukan, Gro

Rådgjevar innovasjon. Mobil 913 21 392 / e-post

Andersen, John Roger

Forskingskoordinator. Mobil 482 78 186 / e-post

Hovland, Runar Tengel

Forskingskoordinator. Mobil 402 28 142 / e-post



Sist oppdatert 29.05.2024