Utdanning og kompetanse
I Helse Førde møter du eit spennande fagmiljø, og vi tilbyr deg spennande og utfordrande arbeidsoppgåver innanfor ulike fagområder. Behovet vårt for arbeidskraft er ikkje berre innan helsefag, vi treng og teknisk, økonomisk og administrativ kompetanse. Vi har eit nært samarbeid med høgskular og universitet, og tilbyr kvart år praksisplassar/klinisk undervisning til om lag 860 studentar og lærlingar i utdanningsløp. Utdanning og kompetanseheving av våre tilsette er eit viktig mål for oss.
Last updated 2/6/2024