We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
Shape, rectangle

Indre Sogn psykiatrisenter

Indre Sogn psykiatrisenter (Sogndal DPS) er det distriktpsykiatriske senteret for deg som bu eller oppholder deg i Årdal, Lærdal, Aurland, Luster, Sogndal eller Vik kommune. Vertskommunen vår er Sogndal og vi ligg fint til på Rutlin med utsikt over sentrum i kommunen. Indre Sogn psykiatrisenter er samlokalisert med Sogndal Bup, Ambulansestasjon og Hudpoliklinikken i Sogndal.

Kontakt

kl. 08.00-15.30

Slik finn du fram

Adresse

Dalavegen 29
6856 Sogndal

Buss

Sogndal Skysstasjon ligg i Sogndal sentrum og er om lag ein kilometer frå Indre Sogn psykiatrisenter.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Sogndal er det også gode bussamband til Bergen og Oslo.

Båt

På nettsidene til skyss.no finn du ekspressbåtruter med oversikt over stoppestadar og tider for rutene mellom Sogndal og både Bergen og Måløy/Selje.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Sogndal Lufthamn Haukåsen til Sogndal Skysstasjon ved alle fly som kjem.  Frå Sogndal Skysstasjon går flybussen 70–75 minuttar før alle flyavganger – rutetider på nettsidene til skyss.no

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på området for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Sogndal er ved Skysstasjonen. Ved behov kan våre tilsette i resepsjonen bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Visittider sengepostane: Etter avtale.