We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Ungdomsrådet

Ungdomsrådet i Helse Førde starta opp i 2017, men har vore stille dei siste åra. No gjer vi ein ny start, og vi treng deg! Er du mellom 13 og 26 år og bur i regionen vår? Har du erfaring som ung pasient eller pårørande, innan somatikk eller psykisk helsevern? Då kan du bidra med dine erfaringar og idear. Meld deg og bli med på å forme kva som er viktig for ungdom i møte med helsetenesta!

Vi jobbar no med å etablere ungdomsrådet på nytt. Helsesista, Tale Maria Krohn Engvik, har laga ein video med oppfordring til unge som ønsker å vere med å bidra.

Meir informasjon om det nye ungdomsrådet kjem etterkvart. 

​ 

Ungdomsrådet i Helse Førde er eit råd med åtte til ti medlemmer (inkludert koordinator). Dette er ungdommar i alderen 13-26 år med ulik bakgrunn, i tillegg vil representant for leiinga i føretaket delta. Koordinatorar frå føretaket vil støtte medlemmene i arbeidet og ta seg av administrative oppgåver. Ungdomsrådsrepresentanten må ha eit avklara forhold til eigne pasient-/pårørandeerfaringar. 

Samansetjing og oppnemning 

Ungdomsrådet skal ha åtte medlemmer som vert oppnemnt for to år om gangen. Ungdom under 18 år må ha avklart vervet med sine føresette. Fordeling av representantar ser slik ut: 

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) - 1 
  • Samarbeidsforumet av Funksjonshemmedes Organisasjoner (SAFO) - 1 
  • Kreftforeningen - 1 
  • Organisasjonar som representerer brukarar innan psykisk helsevern og/eller tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) – 1 
  • Representantar rekruttert frå helseføretaket sine klinikkar – 2 
  • Fast representant frå felles brukarutval - 1 
  • Fast representant frå helseføretaket – administrerande direktør sin representant – 1 

Alle faste representantar skal ha personleg vara, som skal varslast og møte når dei faste representantane ikkje har høve til å møte. 

Rekruttering av nye medlemmar 

Rekruttering skjer gjennom oppnemning frå organisasjonane nemnt over, og gjennom direkte rekruttering frå klinikkane. Ved rekruttering blir ungdomen invitert til ein samtale med leiar/nestleiar og koordinator(ar) for å avklare forventningar. 

Ungdomsrådet skal bidra til å oppnå:

  • gode og likeverdige helsetenester
  • god samhandling og heilskapleg pasientforløp
  • god medverknad frå pasientar, pårørande og deira organisasjonar
  • samarbeid mellom ungdomsråd og felles brukarutval

 

Ungdomsrådet sine oppgåver er å:

  • vere eit rådgivande organ for helseføretaket i saker av strategisk karakter som angår tilbodet til unge pasientar og pårørande i opptaksområdet
  • bidra i mål- og strategiarbeid, forbetrings- og omstillingsprosessar, gjennom deltaking i prosjekt, råd og utval og innspel til høyringar 
  • vere eit forum for tilbakemelding frå pasientar og pårørande om generaliserte erfaringar innanfor helseføretaket sitt ansvarsområde og oppgåver 
  • fremme saker av betydning for brukarar, pasientar og pårørande 
  • etter invitasjon, føreslå ungdomsrådsrepresentantar frå ungdomsråd eller  organisasjonar til plan- og prosjektarbeid, råd og utval 
  • etter nærare behov og avtale, arrangere og/eller delta på relevante konferansar og  kurs 
  • samarbeide med andre ungdomsråd og eige brukarutval via samlingar og  deltaking på møter. Her bør koordinator for ungdomsrådet hjelpe 
  • ha kontakt med pasient- og brukarombod 
  • evaluere eiga verksemd minst ein gang i løpet av funksjonsperioden 
  • gi innspel til helseføretaket si årlege melding 

  • vi kan gi råd om korleis pasientforløp kan utformast med tanke på unge pasientar sine behov
  • vi kan gi råd om pårørande si rolle, både råd til den som er ung og pårørande, og den som er pårørande til ein ung pasient
  • vi kan gi råd til korleis avdelingar kan organiserast, utformast og driftast for å best mogleg ivareta barn og unge pasientar

  • vi gjev råd til beslutningstakarar og helsepersonell på sjukehuset, i saker som gjeld barn og unge si helseteneste
  • vi gjev råd til helsepersonell tilsett i sjukehuset som har direkte pasientkontakt med barn og unge

Brukarutvalet i Sogn og Fjordane er eit felles brukarutval for kommunane i fylket og Helse Førde. Utvalet sitt mandat og samansetjing er regulert i eigne retningslinjer som er vedtekne av strategisk samarbeidsutval og styret i Helse Førde.

Les meir om brukarutvalet her.

 ​Ta kontakt med ungdomsrådet på e-post:
ungdomsradet@helse-forde.no

 

Last updated 12/10/2025