We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Smittevern for kommunehelsetenesta

Smittevernet i Helse Førde(HF) er organisert i seksjon for «Fag og utvikling», i avdeling «Kvalitet og pasienttryggleik».

Med bakgrunn i blant anna «Forskrift om smittevern» og «Delavtale smittevern» som alle kommunane har med HF, bistår me med råd og rettleiing i smittevern og førebyggande arbeid til kommunale helseinstitusjonar. Fylket sin Smittevernkommitè skal arbeide med overordna satsingsområde for kommunane og følgje opp delavtalen.

Sentrale punkt i arbeidet vårt er:

  • Førebygging av Helsetenesteassosierte infeksjonar(HAI): som er infeksjonar påført under opphaldet
  • Basale smittevernrutinar: som vernar både pasientane og dei tilsette
  • Antibiotikaresistens: enkelte infeksjonar kan bli vanskeleg å behandle framover
  • Handtering av utbrot som Norovirus og MRSA
  • Infeksjonsovervaking (Prevalens og Insidens)

Prosedyrane som omhandlar desse punkta, skal vere tilgjengeleg i institusjonens Infeksjonskontrollprogram (IKP). Desse, samt nyhende, undervisningar/førelesingar og infeksjonsregistreringar, finn de i høgre menyen under fag og presentasjonar.

 

A woman smiling for the camera

Laila Aarnes

Hygienesjukepleiar med hovudansvar for kommunehelsetenesta

laila.aarnes@helse-forde.no 57 83 98 41/99 16 02 26

Laila har ansvar for institusjonar i Solund, Gulen, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Høyanger, Sogndal, Kinn, Sunnfjord Bremanger (Svelgen) kommunar i tillegg til Røde Kors Haugland rehabilteringssenter.  

A woman smiling for the camera

Aina Helland

Kontakt Lærdal sjukehus

aina.helland@helse-forde.no 57 64 01 40/97 06 93 07

Aina har ansvar for institusjonar i Lærdal, Aurland, Luster, Sogndal, Årdal og Vik kommunar.  

A person with curly hair

Lise Karin Sørensen

Kontakt Nordfjord sjukehus

lise.karin.sorensen@helse-forde.no 57 86 40 54/95 28 21 69

Lise har ansvar for institusjonar i Stad, Gloppen, Stryn, Kinn og Bremanger (Kalvåg) kommunar.

A woman wearing glasses

Kari Holvik Furevik

Leiar kvalitet og pasienttryggleik

kari.holvik.furevik@helse-forde.no 57 83 98 83/97 09 52 44
Last updated 4/8/2025