Strategisk samarbeidsutval
Strategisk samarbeidsutval er eit administrativt utval mellom Helse Førde HF og kommunane i Helse Førde HF sitt opptaksområde som har inngått overordna samarbeidsavtale.
Årshjul
Oppgåver
Strategisk samarbeidsutval har ansvar for å:
- følgje opp og vedlikehalde overordna samarbeidsavtale
- vurdere i saker av prinsipiell administrativ, fagleg og økonomisk karakter som gjeld samhandling i høve pasientar/brukarar
- drøfte og tilrå løysing ved usemje som ikkje kan løysast på anna nivå
- tilrå nye prioriterte områder utifrå lokale behov og offentlege føringar
- tilrå delavtalar overfor partnarane og godkjenne prosedyrar som gjeld samhandling om felles pasientar etter framlegg frå fagleg samarbeidsutval eller ein eller fleire av partnarane
- drøfte rapportar om avvik og uønskte hendingar som gjeld samhandlinga
- førebu partnarskapsmøte
- arrangere samhandlingskonferansen
- fokusere på erfaringsutveksling, kompetanseoverføring og felles møteplassar
- bidra til å utvikle og spreie gode modellar for samhandling
- ha eit oppdatert oversyn over ulike samhandlingsprosjekt i Sogn og Fjordane
Samansetjing
Strategisk samarbeidsutval er sett saman av seks representantar frå kommunane, seks frå Helse Førde HF og to brukarrepresentantar. Ein av kommunerepresentantane og ein av representantane frå helseføretaket skal også vere medlemar i fagleg samarbeidsutval og sikre gjennomgåande representasjon. Det skal opp nemnast vararepresentantar. KS i helsefellesskapsområdet syter for oppnemning av dei kommunale representantane. Ved oppnemninga skal ein sikre at det er geografisk spreiing av representantar i helsefellesskapet. Det er naturleg å sjå til eksisterande samarbeidsforum i området. Felles brukarutval nemner opp brukarrepresentantane. Medlemane er sjølve ansvarlege for kontakten med dei som dei representerer. KS har fast møte- og talerett for ein utsending, andre samarbeidspartar vert invitert til møte etter behov og avtale mellom partnarane.
Arbeidsform
Utvalet konstituerer seg sjølv. Leiar- og nestleiarfunksjonen vekslar kvart andre år mellom Helse Førde HF og kommunane. Funksjonsperioden for utvalet er november - november.
Saker blir fremja av partnarane gjennom representantane som har eit sjølvstendig ansvar for å bringe fram tema/saker til handsaming. Vedtak føreset at alle medlemane er samde og forpliktar partnarane. Helse Førde HF og den enkelte kommune har ansvar for at vedtak blir gjennomførte.
Strategisk samarbeidsutval skal ha møte minimum fire gonger pr. år, og møteplan for funksjonsperioden blir avtalt. Utvalet legg fram årsrapport i første kvartal.
Partnarane skal samarbeide om førebuing og gjennomføring av strategisk samarbeidsutval. Partnarane ber eigne kostnader.
Strategisk samarbeidsutval er samansett slik:
- Leiar: Martin Lundgård, kommunedirektør, Askvoll kommune
- Terje Heggheim, kommunedirektør Sunnfjord kommune
- Gunn Lerøy, kommunedirektør Lærdal kommune
- Anders Skipenes, kommunedirektør Gloppen kommune
- Jan Helge Dale, fastlege, Kinn kommune/Fagleg samarbeidsutval
- Kjell-Wernik Nystøyl, interkommunal samhandlingskoordinator for kommunane i Sogn og Fjordane/Fagleg samarbeidsutval
- Arve Varden, adm.direktør, Helse Førde
- Børge Tvedt, direktør psykisk helsevern, Helse Førde
- Anne Kristin Kleiven, utviklingsdirektør, Helse Førde
- Asle Kjørlaug, fagdirektør, Helse Førde HF/Fagleg samarbeidsutval
- Trine Vingsnes, direktør medisinsk klinikk, Helse Førde
- Dagrun Kyrkjebø, samhandlingssjef, Helse Førde/Fagleg samarbeidsutval
- Heidi Vederhus, stadleg leiar Nordfjord sjukehus, Helse Førde
- Jan Tore Odd, Felles brukarutval
- Arne Hovland, Felles brukarutval
Leiarfunksjonen går på omgang mellom partane.
Varamedlemer
- Øyvin Bang Olsen, kommunedirektør, Kinn kommune (for Terje Heggheim)
- Jens-Eivind Kobbeltvedt, kommunedirektør, Solund kommune (for Martin Lundgård)
- Marius Solbakken, kommuneoverlege Stryn kommune (for Jan Helge Dale)
- Helge Robert Midtbø, kst. direktør kirurgisk klinikk, Helse Førde
- Vidar Øvrebø, kst. direktør, drift og eigedom, Helse Førde
- Toril Taklo, avdelingssjef psykisk helsevern for barn og unge, Helse Førde
- Robert Brennersted, avdelingssjef avdeling for akuttmedisin, Helse Førde
Observatørar
- Hilde Ystanes, seniorrådgjevar, KS Vest-Norge
- Linda Svori, assisterande fylkeslege, Statsforvaltaren i Vestland
Møtereferat og vedlegg