We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Vernetenesta i Helse Førde

Verneombodet skal ivareta arbeidstakarane sine interesser i saker som angår arbeidsmiljøet. I samarbeid med medarbeidarar, tillitsvalte og leiarar skal venetenesta i helseføretaket bidra til at helse, miljø og sikkerhet skal være en sjølvsagt del av arbeidsdagen.

Helse Førde HF har eit føretakshovudverneombod (FHVO) frikjøpt i 100 % stilling. Føretakshovudverneombodet har det koordinerande ansvar for vernetenesta.

​Kvar klinikk har hovudverneombod (HVO), Kirurgisk klinikk-Medisinsk klinikk-Psykisk helsevern og Stab/støtte. Dei er frikjøpt i 20 % stilling i vervet. Dei har koordineringsansvar i sitt område.

Det er ca. 60 verneombod i føretaket. Verneområda er inndelt etter organisasjonstrukturen i Helse Førde.

Verneomboda sine oppgåver er omtalt i Arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter og i føretaket si HMS-handbok.

Føretaket er i stadig endring og utvikling, og verneomboda må vere i stand til å møte dei endringane som kjem. For betre å kunne møte desse endringane og for heile tida kunne fokusere på å utvide og styrkje vernetenesta har vi ein eigen strategi. Den synleggjer korleis vi ønskjer å arbeide, kva mål og verdiar vi har.

portrettbilete av ei kvinne
Hovudverneombod:
Berit M. Johanssen Hornnes
telefon 416 46 779 - e-post

Last updated 12/28/2022