Utviklingsplanen skal svare på korleis vi skal løyse framtidas behov for helsetenester. Målet er å planlegge for rett kompetanse, nye arbeidsformer og riktige bygg og utstyr.
Medarbeidarane er vår aller viktigaste ressurs. Ei av hovudsatsingane våre er derfor å rekruttere, utvikle og behalde dyktige medarbeidarar. Helse Førde har om lag 3 000 medarbeidarar, og er ein av dei største og mest mangfaldige arbeidsplassane i regionen.
Kvart fjerde år reviderer vi vår utviklingsplan. Planen skal svare på korleis vi skal løyse framtidas behov for helsetenester. Målet er å planlegge for rett kompetanse, nye arbeidsformer og riktige bygg og utstyr.
Utviklingsplan 2022 - 2035 vart vedtatt i styremøte 28. januar 2022.
Innsatsområda
Utviklingsplanen til Helse Førde legg særleg vekt på dei viktigaste endringane framover. Vi har valt ut ti innsatsområde.Under kvart innsatsområde finn du våre mål og korleis Helse Førde vil møte dei framtidige utfordringane. Klikk på lenkene nedanfor for å lese meir om dei ulike innsatsområda.