We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Innsamlingsaksjon avfallsbøtter

I korridoren til seksjon for Kvalitet og pasienttryggleik i Helse Førde har vi hatt innsamlingsaksjon for avfallsbøtter.

A bucket on the floor

For å svare til lovendringar knytt til utsortering av fleire typar avfall og målsettinga om å redusere unødvendig forbruk har vi starta ein innsamlingsaksjon av avfallsbøtter. I denne korridoren er det administrativ aktivitet og 14 kontor. Alle kontora var tidlegare utrusta med kvar si avfallsbøtte. Til no har vi samla inn 9 avfallsbøtter.

Auka sorteringsgrad og lågare forbruk av posar

Dersom vi reknar litt på det kan vi anta med at vi sparer om lag 250 posar på dette årleg berre på desse avfallbøttene. Ved å frakte avfallet til nærmaste kjeldesorteringsstasjon, som også ligg i korridoren, får medarbeidarane moglegheit til å kjeldesortere avfallet sitt. Seksjonsleiar ved Kvalitet og pasienttrykkleik, Kari Holvik Furevik, seier ho er nøgd med resultatet av innsamlingsaksjonen og håpar at innsamlingsaksjonen også blir sett i gang ved andre avdelingar i Helse Førde.

 

Graphical user interface, application
Last updated 2/10/2025