Helse i arbeid
"HelseIArbeid" er eit samarbeid mellom helsetenesta og NAV med satsing på førebyggande og helsefremmande tiltak knytt til muskel-, skjelett- og psykiske plagar. Samarbeidet er organisert i bedriftstiltaket og individtiltaket.
Ein kort introduksjon til HelseIArbeid - helsedirektoratet.no
NAV og helse
Arbeid og skule er av dei viktigaste faktorane med omsyn til god helse. Forsking viser også at pasientar vert raskare friske når dei greier å halde på sine vanlege roller og oppgåver, også ved langvarige helseplager. Dette er bakgrunnen for den nasjonale satsinga på HelseIArbeid der NAV og helsevesenet saman med pasient og arbeidsgjevar, jobbar fram gode løysingar for den enkelte.
Individtiltaket
Individtiltaket har som formål å redusere og hindre at personar med langvarige plager fell ut av arbeidslivet eller studiar. Arbeid og studiar er store og viktige livsarenaer, og slik viktige for den enkelte si fysiske og psykiske helse.
Målgruppa for individtiltaket er personer med:
- sjukemelding kortare enn 4 mnd ved ryggplagar, 6 mnd ved utbredte nakke og muskelplagar
- pasientar med gjentekne korte sjukemeldingar, eller som står i fare for å gå ut i sjukemelding for dei same plagene, er også aktuelle
- det ventast også at pasienten har forsøkt adekvat systematisk opptrening før ei tilvising blir sendt.
I Helse Førde har ein starta eit samarbeid med NAV, med føremål om å optimalisere behandling og tiltak i samarbeid med pasienten og det øvrige helsevesenet.
Tilvising til HelseIArbeid
Tilvisingar sendast på vanleg måte og vert handsama etter gjeldande lovverk og retningslinjer innan ti dagar. Følg sjekkliste for tilvising skissert under.
Pasientar som har rett til helsehjelp, vil få ei ordinær utgreiing, samsvarande med behova som er skissert i tilvisinga. Utgreiinga vert ved ei eller fleire faggrupper (lege, ergoterapeut, fysioterapeut, klinisk sosionom) i poliklinikk avhengig av tilvising og problemstilling.
Ved samtykke og behov vert NAV og fastlege invitert til møte for planlegging av tiltak og vidare oppfølging.
Bedriftstiltaket
Bedriftstiltaket består av helsefremmande og førebyggande kunnskapsformidling på arbeidsplassen, følgt av ein IA-prosess med fokus på eigen arbeidskvardag. NAV vel ut aktuelle bedrifter som er interesserte i å jobbe systematisk med dei tiltaka som ligg i modellen.
Bedriftstiltaket er modulbasert, og vert gjennomførte som eit samarbeid mellom Helse Førde og NAV.
Modulane har følgande tema:
- Modul 1 : Muskel/skjelett
- Modul 2 : Psykisk helse
- Modul 3 : Smertemeistring og arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
HelseIArbeid er hjå Helse Førde koordinert av avdelinga Samhandling og tverrprofesjonelle tenester.
Kontakt oss