Det store moderniseringsarbeidet – Nye Førde sjukehus
Førde sentralsjukehus sto ferdig i 1979. Sidan den gang har sjukehuset blitt bygd på fleire gonger. Hovudbygget, Svanabygget er i store trekk originalt frå byggeåret. Fram til 2028 skal sjukehuset gjennomføre eit stort moderniseringsarbeid. Helse Førde er sjølve byggherre for om- og utbyggingsarbeida.
Prosjektet har ei økonomisk ramme på NOK 1,8 mrd. med lånetilsegn i statsbudsjettet for 2017.
Moderniseringsarbeidet bidreg til god lokal verdiskaping. Gjennom dei offentlege anskaffingane har lokale entreprenørar og leverandørar vunne fram på pris, kvalitet og kompetanse.
I 2019 starta bygging av nybygg psykisk helsevern, Dagabygget. Bygget sto ferdig våren 2021 og husar psykisk klinikk og ungdomspsykiatrisk poliklinikk. Dagabygget hadde ein samla kostnad på vel 340 millionar kroner.
I denne første fasen i moderniseringsarbeidet er ny infrastruktur bygt. Eit flaumvern som skal verne sjukehuset mot 1000-års flaumar vart gjort ferdig i desember 2020. Vernet er ein del av den infrastrukturen som det offentlege har pålagt Helse Førde å etablere, for å kunne sette Dagabygget, nybygget for psykisk helsevern, og seinare nybygg somatikk, Livabygget i drift. Flaumvernet hadde ein samla kostnad på rundt 30 millionar kroner.
Byggesteg to
Helse Førde har signert kontrakt med Veidekke Entreprenør AS om bygging av nytt bygg for somatikk, Livabygget, og påkoplingsareal i høgblokka på Svanabygget. Byggestart var rett etter påske 2021. Dette byggesteget er no i ferd med å verte avslutta. Opninga skjer i andre halvdel av august, og innflytting skjer stegvis utetter hausten.
Lang og solid prosjektutvikling
Prosjektet starta med ein konseptfase i 2015, og har sidan då gjennomgått ei kvalitetssikring og vidareutvikling fram mot byggestart. Offentleg anskaffing gjennom samhandlingskontakt med entreprenørar og stor involvering av dei tilsette i organisasjonen, har gitt moderniseringsprosjektet gode løysingar og sterk forankring.
Meir om Livabygget, bruk denne lenka.
I denne artikkelen frå juni 2024 kan du sjå ein video der administrerande direktør Arve Varden viser det nye Livabygget på fem minutt.
For meir informasjon kan ein nytte denne lekkja for ei grundigare skildring og forståing av prosjektet.
Kontakt oss:
Send ein epost til Nye Førde sjukehus