We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Likestilling, inkludering og mangfald (LIM)

Helse Førde ønskjer eit arbeidsmiljø der alle kan realisere sitt potensiale uansett kjønn eller alder.

Likestillingsarbeidet skal integrerast i føretaket sin daglege drift, lønnspolitikk og utviklingsarbeid, og skal komme til uttrykk i strategi og handlingsplanar. 

Det skal tilretteleggast for å kunne kombinere familie og karriere. 

Likestillingsaspektet skal ivaretakast ved rekruttering, og Helse Førde HF vil arbeide for å få en best mogleg kjønnsmessig fordeling i stillingar i føretaket på alle nivå.

 

Overordna handlingsplan for likestilling, inkludering og mangfald (LIM)

Helse Førde HF arbeider for likestilling, mangfald og ein organisasjonskultur der vi møter kvarandre med opne haldningar, respekt og inkludering.

Helse Førde HF bidreg i det nasjonale arbeidet med å auke den totale yrkesdeltakinga i samfunnet, etter måla i det statlege inkluderingsarbeidet.


Organisering av arbeidet

Det daglege og kontinuerlege arbeidet med likestilling, inkludering og mangfald er integrert i arbeidsprosessar og retningsliner i føretaket. Arbeidet med likestilling, inkludering og mangfald skjer i tett samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta. 

Det er oppretta eit underutval til arbeidsmiljøutvalet i Helse Førde (FAMU), som skal koordinere utviklings- og rapporteringsarbeidet innanfor likestillings-, inkluderings- og mangfaldsområdet (heretter kalt LIM-arbeidet og LIM-utvalet). LIM-utvalet har utarbeidd ein overordna handlingsplan som set rammer for korleis føretaket skal arbeide med LIM, og korleis arbeidet skal rapporterast og følgjast opp. Handlingsplanen forklarer metoden for arbeidet, med tiltak på ulike nivå i føretaket. 

LIM-utvalet består av:

  • 3 representantar frå arbeidsgjevar (leiar på seksjons- eller avdelingsnivå)
  • 2 representantar oppnemnd av tillitsvalde
  • 1 representant oppnemnd av føretakshovudverneombodet

HR er sekretariat for LIM-utvalet og sikre gjennomføring av tiltak. BHT er rådgjevar for utvalet, og har møte- og talerett i møtene.

Mandat for LIM-utvalet

LIM-utvalet skal utarbeide, implementere, evaluere og revidere tiltaksplanar for arbeidet. Utvalet skal årleg utarbeide likestillings- og mangfaldsutgreiing som dei skal legge fram for styret saman med årsmeldinga. 

LIM-utvalet skal vidare:

  • legge til rette for læring på alle nivå i føretaket
  • kartlegge, analysere og samanstille overordna data
  • gje råd til leiarar på alle nivå i organisasjonen, tillitsvalde og verneombod

 Diskrimineringsgrunnlaget

Lov om likestilling og forbod mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringslova) inneheld spesifikke krav til aktivt, målretta og planmessig arbeid for å fremje likestilling og hindre diskriminering på grunnlag av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk eller kombinasjonar av dette, i tillegg til ei plikt til å hindre seksuell trakassering. 

Dette arbeidet skal utførast i fire trinn: 

  1. kartlegge risiko for diskriminering 
  2. vurdere årsaker 
  3. setje i verk eigna og relevante tiltak 
  4. evaluere resultatet

Arbeidet med å kartlegge risiko for diskriminering skal mellom anna omfatte områda rekruttering, løns- og arbeidsvilkår, forfremjing, utviklingsmoglegheiter, tilrettelegging og høve til å kombinere arbeid og familieliv. 

Likestilling, inkludering og mangfald skal integrerast i kommunikasjonsarbeidet, som ein naturleg del av føretaket si profilering.


Mål og tiltak for 2024- 2025

Mål 1:

Helse Førde skal spegle mangfaldet i befolkinga, legge til rette for inkluderande rekruttering og arbeide mot utstøyting.

Tiltak:

  • Sørge for at alle leiarar med personalansvar, samt andre som deltek i rekrutteringsprosessar, har gjennomført e-læringskurs i inkluderande rekruttering.
  • Vidareutvikle arbeidet med tilrettelegging for at medarbeidarar med helseutfordring eller funksjonsnedsetting kan nytte sin arbeidskapasitet i helseføretaket. 
  • Etablere felles kontaktpunkt med NAV om rekruttering og arbeidstrening.
  • Utvikle bevisstgjerande kurs for tilsette for å forebygge diskriminering, seksuell trakassering, rasisme og trakassering.
  • Revidere livsfasepolitikken, slik at føretaket har ein personalpolitikk tilpassa livsfasane for å gje høve til fagleg utvikling og tilrettelegging gjennom heile karrieren.
  • LIM-perspektivet skal inngå som eit integrert element i dei årlege medarbeidarsamtalane. 
  • Sørge for å heve kompetansen til leiarar om tilrettelegging for tilsette med nedsett funksjonsevne og sikre gode tilretteleggingsrutinar.

 Mål 2:

Helse Førde skal arbeide for jamn kjønnsfordeling for leiarar på alle nivå, og betre kjønnsfordeling innan alle stillingsgrupper.

Tiltak:

  • Utarbeide og gjennomføre tiltak for jamnare kjønnsfordeling på alle leiarnivå, innan alle faggrupper og stillingsgrupper. 
  • Utarbeide og gjennomføre tiltak for høgre heiltidsandel for alle fagområde og stillingsgrupper.
Last updated 6/27/2024