Rekruttering og tilsetjing av utanlandske statsborgarar til stillingar i Helse Førde skal skje etter same retningslinjer som for norske arbeidstakarar. I tillegg er det nokre særlige forhold det må takast omsyn til ved tilsetjing av utanlandske arbeidstakarar:
- Gyldig opphalds- og arbeidsløyve der det er eit krav
- Norsk autorisasjon for helsepersonell der det er eit krav
- Politiattest der det er eit krav, for eksempel i arbeid med barn og psykisk utviklingshemma
- Dokumentasjon på nødvendig vaksinasjon
Ledige stillingar i Helse Førde blir lyst ut.
For informasjon og søknad om arbeids- og opphaldsløyve:
SUA (Servicesenter for utenlandske arbeidstakere)
Last updated 3/21/2022