We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
A screenshot of a computer

Kvalitetsarbeidet vårt

Arbeidet med kvalitet og kvalitetsforbetring er sentralt for sjukehusa. Å levere god kvalitet er avgjerande for at pasientar og pårørande har tillit til oss.

​Styremaktene har innført eit system med nasjonale kvalitetsindikatorar. Dette er statistikk som er med på å belyse kvaliteten i tenesta.

Indikatorane gjev ein peikepinn på kvaliteten på områda som vert målte. Det kan vere overleving etter ulike sjukdomar, tida som vert brukt på behandling, ventetider, legemiddelhandtering og mykje meir. Årleg vert sjukehusa måte på titals slike indikatorar.

Helse Førde har alltid skåra godt på desse målingane. I denne videoen snakkar fagdirektør Asle Kjørlaug om kvalitetsarbeid.


​​

Last updated 3/21/2022