Helse Førde er den største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane med om lag 3000 tilsette.
Vi har rundt 180 ulike yrkesgrupper som samarbeider om å behandle pasientar og drive av sjukehusa. Når du høyrer sjukehus er det lett å tenke legar og sjukepleiarar. Det er rett, men vi har ôg portørar, reinhaldarar, kokkar, ambulansearbeidarar, økonomar, helsefagarbeidarar, terapeutar, psykologar og ei skare av ingeniører frå mange fagområde. Berre for å nemne nokre.
Helse Førde nyttar rekrutteringssystemet Webcruiter.
Legg inn din CV
Gå inn på ei stillingsutlysing og finn innlogging for å skrive din CV. For å skrive CV, må du opprette ein brukar-ID (epostadresse/passord).
Har du først oppretta ein brukar i vår stillingsportal kan du søkje alle ledige stillingar i Helse Førde.
Kontaktpersonar ved lønn og personal:
Gro Øksland
Epost: gro.oksland@helse-forde.no
Telefon: 57 83 90 56
Linda Marie Yndestad Ripe
Epost: linda.marie.yndestad.ripe@helse-forde.no
Telefon: 57 83 91 22
Beate Kårstad Støfring
Epost: beate.karstad.stofring@helse-forde.no
Telefon: 57 83 90 22
Helse Førde skal så langt som mogleg spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning, og å rekruttere kvalifiserte personar med etnisk minoritetsbakgrunn. Faste tilsette i Helse Førde, som er blitt omplasserte, har fortrinnsrett til stillingar dei er kvalifiserte for.