We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Oppfølging av heimebuande oksygenbrukarar

Enkelte sjukdomar kan føre til at ein får for lite oksygen i blodet. Det kan då vere aktuelt å tilføre ekstra surstoff. Før slik behandling blir sett i gang, må du til undersøking hos ein spesialist. Slik behandling krev oftast eit tett samarbeid mellom den det gjeld, primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Helse Førde gjev tilbod om oppfølging til heimebuande som får langtids oksygenbehandling.

Oksygenperm Helse Førde .(PDF)​​

Lærings- og meistringssenteret har sjukepleiar med særskild kompetanse i lungefaget. Ho tilbyr heimebesøk ein gong i året til personar som får langtids oksygenterapi i heimen.

I dei tilfella heimkommunen har oppretta ein lokal oksygenkontakt deltek og dei på heimebesøket. Under heimebesøket kan brukaren mellom anna få utført lungefunksjonstest og målt oksygeninnhaldet i blodet og sjekka at utstyret fungerer slik det skal.

Brukaren og/eller deira pårørande er velkomne til å ta kontakt ved spørsmål knytt til oksygenbehandling.

 

Oksygenkontaktar i kommunane og Helse Førde

Oksygen på reisa

LHL

Kols | NAAF

Du finner mer informasjon og opplæringsvideo om oksygen og inhalasjonsutstyr på medisinsk heimebehandling sin nettstad​.

Nettside med informasjon om pusteteknikkar og slimmobilisering

Pust deg bedre​ 

Nina Johnsen Midtbø

Mobil 415 30 549

57839000

Last updated 1/3/2024