Tid og stad
Når
- 12. Feb 2025
- 13. Feb 2025
Kvar
Påmelding
Dei store utfordringane i helsesektoren må vi løyse i fellesskap. Når vi må «redesigne» helsetenestene opnar det for spennande moglegheiter for meir offentleg-privat-samhandling. Vi må legge til rette for at næringsliv, utdanningssektor, kommune- og spesialisthelsetenesta og frivillig sektor kan jobbe i lag i eit verdiskapande samspel.
Helse Førde er hovudarrangør, og på denne konferansen byr vi på mykje relevant innan forsking og innovasjon: panelsamtalar om dei krevjande tinga, gode innlegg om innovative måtar å gjere ting på, nye teknologiske løysingar, bedrifter på stand, spennande prosjekt, gründerbedrifter og ikkje minst: du får bli kjent med mange interessante menneske og miljø. Det vert to dagar med nettverksbygging og fagleg påfyll!
I år set vi fokus på krafta i samarbeid!