We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Pasientkurs

Å leve med demens

Dette er eit kurs for deg som nyleg har fått Alzheimers sjukdom eller vaskulær demens. Kurset er meint for deg og ein pårørande.

Tid og stad

Kvar

Førde Sentralsjukehus, Angabygget, 0 etg

Ynskjer du å delta på kurs, kan du ta kontakt med fastlegen din som sender tilvising til eldremedisinsk poliklinikk eller ta kontakt med medisinsk poliklinikk for meir info.
Viktig å merke seg at kriteriet for å delta på kurset er at pas har fått diagnosene Alzheimers sjukdom eller vaskulær demens, og at sjukdommene er i tidlig fase. 

 

 

Om kurset

Kurset er meint for deg som nyleg har fått Alzheimers sjukdom eller vaskulær demens, og ein pårørande. Det skal gi dykk kunnskap om sjukdommen og behandling. Det skal også gi kunnskap om rettar og støtte til å meistre kvardagen. Ein viktig del av tilbodet er å møte andre i same situasjon og dele erfaringar. 

Praktisk Informasjon 

Eigenandel 403 kr, ingen eigenandel ved frikort. Gratis for pårørande. 

Lunsj kan kjøpast for kr 80 per person (vipps eller kontant). Gi beskjed ved særskilde behov. 

Ved deltaking på legetilviste læringstilbod hjå Helse Førde eller andre helseføretak kan pasientar og pårørande ha rett til å få dekka delar av kostnader ved reise og opphald.

 

Ta kontakt med pasientreiser på telefon 055515 eller sjå pasientreiser.no ved spørsmål om dekking av utgifter og/eller ved behov for tilrettelegging av reisa. 

Kontakt

Med pol v/ Greta Endal
57839322