Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
ein gut som ligg tilbakelent på ein stol og ser på ein mobiltelefon

EMeistring

eMeistring tilbyr veileda internettbehandling til deg som slit med panikkliding, sosial angst eller depresjon.

Veileda internettbehandling inneheld dei same elementa som ordinær kognitiv åtferdsterapi med behandlar i poliklinikk. Behandlinga er nettbasert, og kvar veke får du veiledning frå ein behandlar via internett.

Behandlinga er inndelt i kapitel med tekst du skal lese, og oppgåver du skal gjere. Behandlinga varer inntil 14 veker. Med veileda internettbehandling vil du sleppe reiseveg til behandlinga, og du får muligheit til å jobbe med behandlinga når det passer best for deg.

Utvida informasjon om behandlinga finn du lenger ned på sida. Under kvar av behandlingane finn du også første modul i kvart av behandlingsprogramma våre.

Pålogging

Panikkliding, sosial angst og depresjon - oppstart før 8. april 

Panikkliding, sosial angst og depresjon - oppstart etter 8. april

Pålogging for behandlarar

Innloggingsvanskar?
Ta kontakt på 57 83 94 70. Chrome og Safari er anbefalt ved innlogging i eMeistring.

Brukarstøtte

MERK! Ikkje del BankID, sjølv ikkje med familiemedlemmer eller andre du stoler på. BankID er din personlige digitale ID og signatur.


 

Ønsker du å komme raskt i gang med behandling?

Pasientar kan ta direkte kontakt med eMeistring. Du treng ikkje tilvising frå fastlege. Vi anbefaler alle å lese informasjonen du finn under «Behandlingsprogramma» før du startar i eMeistring.

Ynskjer du tilbod om behandling i eMeistring? Logg inn på helsenorge.no for å sende inn søknadsskjema!  

​ 

 



Tenester

    Sosial angst

    Hovudkjenneteiknet ved sosial angst er ei sterk redsle for situasjonar der ein føler seg vurdert eller granska av andre. Redsla kan gjelde éin eller nokre få bestemte situasjonar.
    Sosial angst
    illustrasjon sosial angst

    Depresjon

    Hovudsymptoma på depresjon er tristhet mesteparten av tida, nedsett interesse for ting du vanlegvis likar, mindre initiativ og ei kjensle av å vere veldig trøytt. Depresjon er veldig vanleg og rammar ca. 17 % av befolkninga på eit eller anna tidspunkt i livet.
    Depresjon
    illustrasjon depresjon

    Panikkliding

    Panikkliding er ein tilstand der ein gjentekne gonger får panikkanfall som er kjenneteikna av fleire av dei følgjande symptoma; hjartebank, kjenna seg svimmel, skjelving, trykk i brystet, sveitte, kjensle av uverkelegheit eller kvalme / uroleg mage.
    Panikkliding
    illustrasjon panikkliding
    Sist oppdatert 10.04.2024