Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Tilvising
For å komme i kontakt med eBehandling kan du få tilvising frå fastlege eller din behandlar i spesialisthelsetenesta. For å motta veileda internettbehandling må du vere over 18 år.
Du kan og sjølv søke om behandling på helsenorge.no:
eBehandling er eit behandlingstilbod for pasientar i Helse Vest, og vi held til ved Førde Sentralsjukehus. Vi tek også imot pasientar frå andre helseregionar, men vi gjer merksam på at pasientar utanfor Helse Vest berre vil få eit tilbod når det er ledig kapasitet i eBehandling.
Frå andre regionar enn Helse Vest må tilvisinga gå via spesialisthelsetenesta. Pasienten må der være utgreidd og ha fått diagnose panikkliding, sosial angst eller moderat depresjon.
Tilvisingar vert tekne imot per brev eller som elektronisk tilvising.
Ring oss gjerne på telefon 57 83 94 70 dersom du har spørsmål om tilvisingar til eBehandling.
eBehandling vurderer om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp dersom tilvisinga ikkje kjem frå spesialisthelsetenesta.
Pasientar som ut frå tilvising verkar å kunne være aktuelle for behandling vil som hovudregel få tilbod om ein vurderingssamtale hjå eBehandling innan 2-3 veker. eBehandling held til ved Førde sentralsjukehus. Pasientane kan møte her for vurderingssamtale(r), eller få gjennomført dette på video.
eBehandling har ikkje akuttilbod. Dersom det skulle oppstå auka risiko for sjølvmord eller mistanke om utvikling av alvorlig psykisk liding hjå pasientar under behandlinga i eBehandling skal pasienten bli ivaretatt av den lokale spesialisthelsetenesta. eBehandling må på førehand ha fått kontaktinformasjon til lokal DPS. Ved behov for vurdering av sjølvmordsfare eller utvikling av alvorleg psykisk liding vil eBehandling ta kontakt med pasienten sitt lokale DPS og tilvise til akuttvurdering der.
Vurdering av rett til helsehjelp Informasjon om vurdering av rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta når det er føretatt (kven har vurdert, datoar, fristar, innfridde fristar).
Tilhøyrande DPS Kva for eit DPS/poliklinikk er pasienten tilhøyrande? eBehandling treng kontaktinfo i tilfelle behov for kontakt ved akutte høve.
Tilvisingsdiagnose Hoveddiagnose og evt. bidiagnose. Dersom eBehandling skal gi eit tilbod må pasienten sitt hovudproblem være sosial angst, panikkliding med/utan agorafobi eller moderat depresjon.
Bakgrunn Oppvekstforhold, familieforhold og nettverk, omsorgsansvar for barn eller andre, sivilstatus, buforhald, arbeid, trygd, individuell plan. Sjekk spesielt ut om pasienten har lese- og/eller skrivevanskar, om h*n kan forstå norsk på eit god nivå, og om h*n har tilgang til internett.
Psykiatrisk sjukehistorie Tidlegare betydningsfulle symptom og problem, tidlegare diagnosar, tidlegare behandling og utbytte av denne. Har pasienten erfaring med bruk av sjølvhjelp frå tidligare?
Aktuelt Aktuelle problem som pasienten søker behandling for (debut, årsaksforhold, symptom, behandling, forløp, betydning for funksjon, livskvalitet), herunder opplysninger omkring evt. rusproblematikk, suicidalitet og voldsrisiko. Angi pasienten sin motivasjon for denne type behandling og kva informasjon pasienten har fått om behandlingsforma.
Relevant somatisk problematikk Føreligg det ustabile og/eller uavklarte somatiske tilstander? Epilepsi, alvorlig astma, kroniske hjerterytmeforstyrringar eller hjerte-/lungeproblem diagnostisert av lege, svært lågt blodtrykk eller graviditet er ikkje foreineleg med behandlinga for panikkliding.
Medikamentbruk Preparatnamn, formulering, styrke, dosering. Her bør det spesielt verte angitt kor lenge pasienten har stått på aktuell psykofarmaka og evt. bruk av B-preparat. Jevnleg bruk av B-preparat gjer behandling i eBehandling kontraindisert.Behandlingstilbodet føregår som hovudregel utan bruk av angstdempande medikament og desse bør seponerast før tilvising. Pasienten må kunne motiverast for eksponering for frykta situasjonar utan medikamentell støtte, og h*n må tåle symptomtrykket som følgjer av kontinuerlig eksponering. Stabil medisinering (same dose dei siste 4 vekene) med anna psykofarmaka er uproblematisk saman med eBehandling.
Vurdering med grunngjeving for tilvising Diagnose, sjølvmordsrisiko, problemforståing, prognose. Angje pasienten sin motivasjon for denne type behandling og kva informasjon pasienten har fått om behandlingsforma.
eBehandling eignar seg ikkje for personar med:
Moderat til høg suicidalfare, der behovet for ivaretaking og tilsyn fører til at behandling over internett ikkje er tilstrekkeleg. Dette utelukkar også personar som nylig har gjennomført suicidforsøk.
Psykoseproblematikk. Dersom pasienten har fungert stabilt utan pågåande psykotiske symptom over tid, og har ein behandlingskontakt i spesialisthelsetenesta som kan ivareta og følgje h*n opp ved behov kan ein motta behandling i eBehandling for komorbid panikkangst, sosial angst eller mild til moderat depresjon.
Ubehandla alkohol- eller narkotikaproblematikk, eller medikamentavhengigheit som kan utgjere eit hinder for behandling.
Nylig oppstarta eller endring av dose psykofarmakabehandling. Effekt av medikamentet bør først evaluerast. Pasienten må ha stått på stabil dose 4 veker før oppstart eBehandling.
Jevnleg bruk av B-preparat.Behandlingstilbodet føregår som hovudregel utan bruk av angstdempande medikament og desse bør seponerast før tilvising. Kontakt eBehandling dersom du ønsker å diskutere unntak.
Ustabil og/eller uavklart somatisk tilstand. Epilepsi, alvorlig astma, kroniske hjarterytmeforstyrringar eller hjerte-/lungeproblem diagnostisert av lege, svært lågt blodtrykk eller graviditet er ikkje foreinleg med behandlinga for panikkliding.
Alvorleg depresjon (MADRS ≥ 35)
Bipolar depresjon. Det er ikkje funne evidens for effekt av behandlingsprogrammet for depresjon for personar med bipolar depresjon. Personar med godt regulert bipolar liding kan ha nytte av og få behandling for komorbid panikkliding eller sosial angst.
Lav motivasjon eller annan funksjonspåverknad (f.eks. høg initiativløyse eller konsentrasjonsvanskar) som gjer det vanskeleg å gjennomføre internettbehandling, som krev høg grad av ansvarstaking. Ustabile eller vanskelege ytre forhold, for eksempel livskriser, kan også gje nedsett funksjon og vanskar med å følgje opp behandling over internett.
Personar med lese- og/eller skrivevanskar, inklusivt vanskar med det norske språk, kan ha utfordringar med å gjennomføre programmet grunna store mengder tekst og skriveoppgåver ein skal gjennom.
Bustad utanfor Norge.
Forventa lengre fråvær enn 2 veker i løpet av behandlingstida.
Komorbiditet som erfaringsmessig kan vanskeleggjere rettleia internettbehandling er: GAD, hypokondri, PTSD og engsteleg/ unnvikande personlighetsforstyrring.