Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandlingsprogramma

eBehandling byggjer på kognitiv atferdsterapi, som har vist seg å være effektiv behandling av depresjon og angstlidingar.

En person som holder en penn

​eBehandling nyttar kognitiv atferdsterapi og behandlinga består av skriftleg informasjon og øvingar. Ein viktig del av angstbehandlinga er å systematisk utsetje seg for situasjonar som fører til angst og å arbeide systematisk med korleis ein tolkar og forstår slike situasjonar. I depresjonsprogrammet skal ein også arbeide med tankene, i tillegg til å kome igang med aktivitet.

Det er mengden tid og krefter du legg i arbeidet med behandlinga som har mest å sei for hvor vellykka behandlinga blir. Det er viktig at du virkelig investerer tid og krefter i øvingane, og at du øver jevnt og trutt. Jo meir tid du bruker på behandlinga, desto større utbytte får du!

Det er krevende å jobbe med angst og depresjon. Derfor bør du allerede nå spørre deg sjølv om du er:

  • motivert for å komme igang med behandling

  • villig til å gjøre arbeidet du må gjennom for å oppnå endring

En ting du bør tenke på, er at du antakelig allerede bruker mye energi på angsten/depresjonen. Den store fordelen med ​eBehandling er at tiden og kreftene du bruker på behandlingen, fører til en rekke positive forandringer.

Her kan du sjå første modul i dei 3 behandlingsprogramma vi tilbyr:

Behandlingsprogram for depresjon, modul 1 (pdf)

Behandlingsprogram for sosial angst, modul 1 (pdf)

Behandlingsprogram for panikkliding, modul 1 (pdf)

Kognitiv atferdsterapi er den behandlingsforma som har synt seg mest effektiv ved behandling av depresjon og angstlidingar, og er difor tilrådd som behandlingsform i norske, engelske og svenske retningslinjer.

Måten vi tenkjer på er avgjerande for kva vi føler og korleis vi handlar. I kognitiv atferdsterapi lærer ein å kjenne att og endre måten ein tenker på i situasjonar som medfører angst eller anna ubehag.

Er det mogleg å kurere depresjon og angst ved å lese om den?

Du lurar sikkert på om det er mogleg å bli kvitt angst eller depresjon ved å lese ein tekst på internett. Det er eit godt spørsmål, men ​eBehandling er meir enn dette. Ein av grunnane til at behandlinga har effekt er at ​eBehandling er eit program som er basert på læring og øvingar. I tillegg får du, minst ein gang i veka, tilbakemelding og veiledning frå ein ​eBehandling-behandlar. Liknande behandlingsprogram er gjennomført med svært gode resultat for blant anna panikkliding, sosial angst og depresjon i blant anna Sverige og England. 

Det ser også ut som at betringa held seg over tid. Når vi har lært oss noko blir det ein naturleg del av reaksjonane våre - og vi ber lærdomen med oss og kan bruke den etter at behandlinga er avslutta. 

Vi håpar at du vil lære ny kunnskap og nye ferdigheitar ved å jobbe med ​eBehandlinga.

Her er nokre tilbakemeldingar vi har fått frå tidlegare pasientar:

  • "Eg er ikkje lenger så redd symptom som kjem med angsten"
  • "Eg forstår angsten og er ikkje lenger så redd han"
  • "Eg er blitt mindre redd for panikkangsten"
  • "Eg har lært at dette er normale reaksjonar for menneske, og at eg ikkje er aleine med å ha eit angstproblem"
  • "Eg har fått tillit til teknikkar som hjelper meg til å meistre angsten"
  • "Eg tenkjer at eg skal klare å takle situasjonar som før synast umogelege"
  • "Eg har lært å puste med magen, no køyrer eg bil"
     

Behandlingsprogram for depresjon

Behandlingsprogram for sosial angst

Behandlingsprogram for panikkliding

 

Sist oppdatert 19.04.2024