Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

DPS døgn - Førde

DPS døgn i Førde har 14 plassar og er ein del av det distriktspsykiatriske senteret (DPS) for 13 kommunar i Sunnfjord og ytre Sogn. Vi held til i eige bygg i tilknyting til Førde sentralsjukehus, berre minutt å køyre frå Førde sentrum.

ein grusveg som strekkjer seg mellom ein allè av grøne tre
PSYKIATRISK KLINIKK har DPS-døgn ved Førde sentralsjukehus.

Vi tilbyr behandling av personar med psykosar, depresjonar, bipolare lidingar, angstlidingar og eteforstyrringar med meir, til både frivilleg og tvunge psykisk helsevern. For å bli søkt inn til DPS døgn må du kontakte fastlegen, eller du kan bli tilvist frå psykiatrisk poliklinikk eller andre avdelingar i Helse Førde.

Behandlingstilbod/måls​​etting

Målet med behandlinga er å lindre sjukdom, og betre helsa og livskvaliteten. Du skal bli betre i stand til å meistre dagleglivet og å ta ansvar for livet ditt. I behandlinga vil du sjølv spele ei sentral rolle og din eigen innsats er medverkande til betre helse. Samvær, samtalar og fysisk aktivitet er viktige faktorar for å oppleve auka sjølvinnsikt og situasjonsforståing.

Det vil bli gjort ei allmennpsykiatrisk utgreiing, vurdering og diagnostisering. Behandlinga følgjer nasjonale faglege retningslinjer og kan bestå av individuelle samtalar, medikament og ECT (elektrokonvulsiv behandling). Det vert dessutan lagt vekt på individuelt tilpassa fysisk aktivitet og trening. Behandlinga vil bli lagt opp i samarbeid mellom deg og primærteamet, og behandlingstida vil variere ut i frå den einskilde sitt behov.

Kom​​petanse

DPS døgn har brei kompetanse for å gje eit heilheitleg, kunnskapsbasert tilbod. Personalet er tverrfagleg samansett og består av psykiater, lege, psykolog, sjukepleiarar og hjelpepleiarar, assistentar, sosionom, aktivitør, helsesportspedagog og fysioterapeut.

Primæ​rteam og behandlar

Ved innlegging får du eit primærteam som skal ivareta ditt behandlingsopplegg og dine interesser. Primærteam består av miljøpersonale og behandlar (lege eller psykolog). Du får ein til to samtalar i veka med din behandlar.

Sosio​nomtenester

Sosionomen kan hjelpe til med spørsmål i samband rehabilitering i høve arbeid, omskulering og økonomi, og samarbeider med dei lokale NAV-kontora.

Indivi​​duell plan og kriseplan

Dersom du har bruk for langvarige og koordinerte helesetenester så har du rett på individuell plan (IP). Planen inneheld dine mål, ressursar og behov for tenester. Kriseplan fortel kva som skal skje ved ei krise eller sjukdomsforverring, og korleis det skal skje.

Medis​inar

Du skal berre nytte medisinar som er ordinert av lege i sengeposten og som blir delt ut av sjukepleiar. Medisin du har med deg skal leverast inn og blir oppbevart på medisinrom.

A​​ktivitetstilbod

Vi har eige lokale der du kan delta i ulike aktivitetar, både kreative, sosiale, kunst og kultur (utflukter) og daglegdagse aktivitetar som til dømes matlaging. Her legg ein vekt på meistring i eit trygt og inkluderande miljø, der alle skal kjenne seg velkomne. Våre aktivitørar vil finne aktivitetar som passar for deg både individuelt og i grupper.

Treningster​​api

Målretta bruk av allsidig og variert fysisisk aktivitet/trening kan nyttast som del av behandlinga. Det gir i tillegg energi og overskot til å meistre utfordringar på ein betre måte. Vi har tilsett personale som har stor kunnskap og erfaring på dette området.

Mus​​ikkterapi

Målet med musikkterapi er å betre konsentrasjonsevna. Gjennom felles musikkaktivitetar der du brukar pust, stemme og eigen kropp, kan meistringsevne og sjølvkjensle betrast. Musikkterapi kan få tankane bort frå sjukdom og det som er trist og vanskeleg.

Pårøran​de

Pårørande er ein viktig ressurs og vi ønskjer eit godt samarbeid med dei. Alle pårørande kan få tilbod om samtale. Dette avtalast saman med deg. Vi har ein barneansvarleg som ivaretek arbeidet med barn som pårørande.

Døgnry​​tme

Måndag-fredag

07.15             God morgon
08.00-08.30  Morgonmedisin
08.30-09.00  Frukost
09.05-09.20  Morgonmøte
09.30-10.00  Spasertur ute i nærområdet
10.00-12.15  Samtalar og individuelt tilpassa aktivitetar
12.15-12.45  Lunsj
13.00             Middagsmedisin
13.00-15.00  Aktivitetar held fram
15.30-16.00  Middag
17.30-18.00  Kaffi
18.00             Kveldstur måndag - torsdag
19.30-20.00  Kveldsmat
20.00             Kveldsmedisin
22.00             Eventuell nattmedisin
23.00             Ro i avdelinga

Laurdag og søndag

08.45-09.15  Frukost
13.00-13.30  Middag
15.30-16.00  Kaffi
19.00-19.30  Kveldsmat

Tid for samtale med lege, psykolog eller sosionom vert avtalt særskilt. Laurdag og søndag er det ingen organiserte faste aktivitetstilbod.

Må​​ltid

Vi legg vekt på eit sunt kosthald og legg til rette for allergiar/matintoleranse og liknande. Gi beskjed om du har særskilde kostbehov. Måltid blir servert i kantina og det vil vere personale som et saman med pasientane. Kveldsmaten blir servert på matrom i sengeposten. Om sommaren og i høgtider vil det vere andre tidspunkt for måltider. Du passar sjølv tidene til måltider, samtalar og aktivitetar. Kjøkkenet er berre tilgjengeleg for personale av hygieniske årsaker.

Livssynst​​eneste

Sjukehusprest kan treffast etter avtale, men vi kan og formidle kontakt med andre trusretningar. Ta kontakt med personalet om du ønskjer slik samtale.

Pakk​​eliste – kva bør du ha med deg?

Ta med klede til vanleg bruk, toalettsaker, vekkarklokke og eventuelle hobbyartiklar. Ta og med treningstøy, badetøy, turklede og gode sko tilpassa årstida, samt liten sekk til turbruk. Handklede og sengetøy får du i avdelinga. Ta med kodebrikke til nettbank eller BankID på mobil for innlogging i vårt tilbakemeldingssystem*.

* I tilbakemeldingssystemet svarar du elektronisk på ei rekkje spørsmål om korleis du har det, og om behov du har knytt til behandlinga. For å logge deg på nettbrettet må du bruke kodebrikke til nettbank eller BankID på mobil.

Mobil​​telefon og PC

Du kan ta med eigen mobiltelefon og PC, men desse skal berre brukast på rommet ditt. Mellom kl. 08.00–15.00 er det arbeidstid, då skal telefonen vere på lydlaus. Om natta er det kviletid og mobiltelefonen bør vere på lydlaus/slått av. Av omsyn til dine medpasientar skal du ikkje fotografere eller filme.

Pengar o​g verdisaker

Vi tilrår at du ikkje oppbevarer verdisaker og store pengesummar på rommet. Vi kan etter avtale oppbevare pengar og verdisaker for deg.

Permisjo​​nar og utgong

Permisjon kan vere ein viktig del av behandlinga og vert avtalt med din behandlar.

Når du er innlagt blir det vurdert om du kan ha utgong etter avtale eller om du bør ha med deg følgje. Det er ulike årsaker til at den einskilde pasient kan få særskilt tilsyn og avgrensingar i høve til utgang. Kontakt personale dersom du har spørsmål om kva som gjeld for deg.

R​om

Du vil få eit lyst enkeltrom med bad/toalett. Du held sjølv rommet ditt i orden. Kleda dine kan du vaske i vaskemaskin på avdelinga.

Be​​søk

Du kan ta imot besøk mellom kl. 16.00 og 20.00. For besøk utanom dette tek du kontakt med personalet. Du kan nytte ditt eige rom til besøk etter avtale med personale. Det er ikkje høve til å ha besøk av medpasientar på pasientromma, men du kan møte medpasientar på fellesrom og i aktivitetar.

Rø​​yking

Førde Sentralsjukehus er røykfritt sjukehus. Det er forbode å røyke inne og også ute nær bygninga. Skal du røyke, må du gå utanfor sjukehusområdet.

Trans​​port/bil

Både bybuss og flybuss har stoppestad i nærleiken. Du bør vurdere om du treng å ha med bil under opphaldet. Parkeringskapasiteten på sjukehusområdet er avgrensa.

Sist oppdatert 28.12.2022