Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Vurdering av demens til personar med utviklingshemming

Kjenneteikn for demens kan til dømes vere problem med minne, merksemd og konsentrasjon. Personar med psykisk utviklingshemming har i utgangspunktet svekt funksjon og kan oppleve symptom på demens tidlegare enn hos personar som ikkje er psykisk utviklingshemma.

Førekomsten av demens aukar med alderen. Ved enkelte syndrom er det også større førekomst av demens, mellom anna hos personar med Downs syndrom.

Ved utgreiing og behandling av demens hos personar med utviklingshemming er det viktig at den kognitive og fysiske funksjonen din blir samanlikna med funksjonen før funksjonsfallet.

Symptoma på demens kan forvekslast med sjukdommar som til dømes depresjon, angst, psykose, forvirringstilstandar, mangel på vitamin, stoffskifteproblematikk, sansetap (syn og høyrsel) og infeksjonar. Dei tidlege teikna på demens kan også forvekslast med dei vanskane du i utgangspunktet har på grunn av utviklingshemminga di.

Tilvising og vurdering

For å få utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen din tilviser til sjukehuset, eventuelt i samarbeid med andre relevante fagpersonar, som til dømes tilsette i omsorgsbustaden.

Vi tilrår at fastlegen din gjennomfører ein «helsesjekk for utviklingshemma» før tilvising. Dette er viktig for å finne ut om det er andre sjukdommar enn demens som årsaken til symptoma.

Les meir om helsesjekken (aldringoghelse.no)

Utgreiing

Utgreiinga vil gjerast av både lege ved sjukehuset og andre behandlarar, som til dømes psykolog, vernepleiar, ergoterapeut eller fysioterapeut. Delar av utgreiinga blir gjorde på sjukehuset, medan noko kan gjerast heime hos deg.

Vi stiller diagnosen demens ved at vi kartlegg symptoma dine og gjer undersøkingar for å utelukke andre årsaker enn demens. Dette gjer vi ved først å hente inn opplysningar om tidlegare sjukdommar og beskriving av korleis du har fungert før. Ulike sjekklister og testar kan bli brukte. Dette blir gjort i samarbeid med dine pårørande og andre nærpersonar, til dømes tilsette i bustaden din. Det kan bli aktuelt å ta blodprøvar og biletundersøkingar (MR eller CT) av hjernen din.

Ved at den noverande funksjonen din blir samanlikna med korleis du har fungert tidlegare, blir diagnosen sett ut frå den tverrfaglege vurderinga til behandlarane.

Behandling

Etter at demensdiagnosen er stilt, vil vi gi informasjon, opplæring og rettleiing til deg, dine nærpersonar, bustadpersonell og pårørande. Det kan vere at du får medisinar for å bremse utviklinga av demens, eller for å dempe symptom som åtferdsvanskar, uro og angst.

Viktig fokus ved behandlinga kan vere:

  • Råd om tilrettelegging i miljøet der du bur og busituasjonen.
  • Råd om nødvendige hjelpemiddel og bistand.
  • Behandle eventuelle sjukdommar som blir avdekte som årsak til demens eller tilleggsvanskar som angst, uro og depresjon. Behandlinga kan vere både medisinar, psykologbehandling og miljøtiltak i samarbeid med kommunen.
  • Rettleiing til deg eller dine nærpersonar om ernæring.
  • Støttesamtalar til deg og dine pårørande.

Oppfølging

I oppfølginga kan det vere aktuelt å gjenta ei funksjonskartlegging, rettleie pårørande og kommunalt personale, og å evaluere og tilpasse behandlinga fortløpande.

Ved avslutta utgreiing og behandling ved avdelinga blir det vidare oppfølgingsansvaret overført til andre, som regel fastlegen din eller andre avdelingar ved sjukehuset. Dei fagleg ansvarlege for dei tenestene du får i kommunen din vil også kunne få eit ansvar for vidare oppfølging.

Det kan vere aktuelt at du blir tilvist på ny dersom symptoma dine endrar seg.

Kontakt

Psykisk helsevern