Her er nokre tips til deg som har fått innkalling til ein videokonsultasjon og er usikker på kva du må gjere. Klikk på knappane under for å sjå kva du treng av utstyr og korleis du skal førebu deg til samtale med behandlar.
Før videokonsultasjonen
- Planlegg samtala i god tid slik at samtala i størst mogleg grad kan gjennomførast utan avbrytingar eller forstyrringar. Sjekk at kamera og mikrofon verkar på eininga du skal bruke når du møter behandlar, ved å opne
Testsamtale - delta.nhn.noHer kan du teste lyd og bilete, følg instruksjonane.
- Skriv gjerne ned spørsmål og viktig informasjon på førehand, inkludert oversikt over medisinbruk.
Utstyr som du trenger
Join.nhn.no er en sikker videoløysinga og krev ikkje at du lastar ned noko i forkant av konsultasjonen. Den kan brukast via mobil, nettbrett og PC. Vi tilrår at du bruker følgjande nettlesarar, avhengig av kva for ei eining du skal bruke:
- For IOS nettbrett/telefon (iPad/iPhone) bruk Safari
- For Android nettbrett/telefon (Samsung mfl) eller PC, bruk Google Chrome
- Ikkje bruk nettlesaren Internet Explorer.
- Ved deltaking via mobil bør den vere oppdatert med siste versjon av programvare.
- Om du bruker PC, sørg for at den er omstarta og har kamera, mikrofon og høgtalar (viss ikkje må du kople til dette i tillegg).
Når du skal møte til videokonsultasjon ved sjukehuset gjer du følgjande
- Ta fram nettbrett, mobiltelefon eller PC, og sjå til at eininga er lada og kopla til eit trådlaust nett
- Sørg for å vere i eit uforstyrra rom og ver førebudd med nødvendig informasjon og legitimasjon med bilete dersom du ikkje er kjent for behandlar.
- Ha tilgang til telefon, i tilfelle behandlar treng å kontakte deg ved tekniske utfordringar.
Oppkopling til videokonsultasjon
Det finst ulike måtar å kople seg opp til videokonsultasjon. Det er viktig at du følgjer instruksane du får frå sjukehuset. Her er ei oversikt over dei ulike måtane:
- Oppkopling via Helsenorge
- Oppkoplingsinformasjon i brev mottatt i ein digital postkasse (eksempelvis Digipost)
- Oppkoplingsinformasjon på SMS eller e-post
Forseinkingar kan oppstå
Hugs at behandlar kan vere forsinka, vennlegst vent på velkomstsida/venterommet. Dersom behandlar er meir enn 15 minutt forseinka, ta kontakt med avdelinga som har kalt deg inn. Du finn kontaktinformasjon i innkallingsbrevet.
Vel den måten som gjeld for deg i samsvar med instruksane frå sjukehuset:
Oppkopling via Helsenorge i timeavtala
-
Trykk på start-knappen
- Du kjem inn på ei velkomstside og går vidare til ei side kor du får informasjon om å tillate tilgang til kamera og mikrofon. Følg instruksjonane som gis på sida.

- Når du går vidare kjem du til eit venterom. Når behandlar er komen vil du automatisk gå vidare, men du kan òg gå inn i møtet ved å klikke på «Start videokonsultasjon». Då vil du straks sjå behandlar.
Sjå felles instruksjon nedanfor for korleis det fungerer inne i videorommet
Oppkopling via Helsenorge i innkallingsbrevet
Du må kople deg opp via informasjon som du finn i innkallingsbrevet. Det er viktig at du registrerer ditt fulle namn når du vert bedt om dette. Om du ikkje identifiserer deg risikerer du å ikkje bli slept inn i møtet.
Gå til Innboksen din og opne innkallingsbrevet
Følg instruksjonane i brevet, du skal anten:
1. Trykke på videolenka og identifisere deg med fullt namn eller
2. Gå til www.join.nhn.no og identifisér deg med fullt namn og skriv inn oppgitt romnummer, for så å trykke på videosymbolet til høgre for feltet og tast vidare inn firesifra pin-kode.
Viss du ikkje har mottatt pin-kode, trykk på «Delta». Dersom du ikkje har mottatt romnummer og pin-kode, ta direkte kontakt med avdelinga som har kalt deg inn.
Vidare må du:
- Gi tilgang til kamera og mikrofon
- Vent til du ser behandlar
- Sjå felles instruksjon for korleis det fungerer inne i videorommet
Om lenka i innkallingsbrevet ikkje fungerer, eller du har motteke brevet på papir, må du opne https://join.nhn.no, registrere deg og taste inn romnummer og pin-kode.
Oppkoplingsinformasjon i brev motteke i ein digital postkasse
I innkallingsbrevet finst informasjon om korleis du koplar deg opp til videokonsultasjonen. Det er viktig at du registrerer ditt fulle namn når du vert bedt om dette. Viss ikkje du identifiserer deg, risikerer du å ikkje verte sloppe inn i møtet.
Følg instruksjonane i brevet, du skal anten:
1. Trykke på videolenka og identifiser deg med fullt namn eller
2. Gå til https://join.nhn.no, identifisér deg med fullt namn og skriv oppgitt romnummer for så å trykke på videosymbolet til høgre for feltet og tast vidare inn firesifra pin-kode.
Viss du ikkje har motteke pin-kode, trykk på «Delta». Dersom du ikkje har motteke romnummer og pin-kode, ta direkte kontakt med avdelinga som har kalt deg inn.
Vidare må du:
- Gi tilgang til kamera og mikrofon
- Vent til du ser behandlar
- Sjå felles instruksjon for korleis det fungerer inne i videorommet
Om lenka i innkallingsbrevet ikkje fungerer, eller du har motteke brevet på papir, må du opne opne https://join.nhn.no, registrere deg og taste inn romnummer og pin-kode.
Oppkopling på SMS eller e-post
I nokre tilfelle vert oppkoblingsinformasjon sendt via SMS eller e-post. Det finst to ulike måtar å kople seg opp på. Følg instruksane du mottar for den gjeldande videokonsultasjonen:
1. Logg inn med BankId når du blir bedt om dette. Dersom du ikkje har BankId kan du logge på med kode via sms.
- Gi tilgang til kamera og mikrofon
- Følg instruksane på velkomstsida for videokonsultasjonen.
- Du går automatisk vidare til møterommet når behandlar er komen. Viss du ikkje går automatisk vidare, klikk på «Start Videokonsultasjon» når denne er tilgjengeleg.
- Sjå Felles instruksjon for korleis det fungerer inne i videorommet
2. Ved oppkopling via www.join.nhn.no, registrer ditt fulle namn for å identifisere deg.
- Trykk på videosymbolet, tast inn mottatt romnummer og pin-kode
- Gi tilgang til kamera og mikrofon
- Vent til du ser behandlar
- Sjå Felles instruksjon for korleis det fungerer inne i videorommet
Felles instruksjonar for alle videooppkoplingar
- Sjekk at du ser deg sjølv og at indikator for lyden din (grøn linje) rører seg når du snakkar.
- Viss du skal tilknytte eksternt kamera eller mikrofon, trykk på den litle pilen for å opne venstre meny og vidare på dei tre prikkane (Innstillingar) og vel aktuell lyd- og eller biletekjelde under Medieinnstillingar
- Opne menyen, via den litle pilen midt på skjermen til venstre, for å sjå deltakarar eller sende ei melding/chat dersom du har behov for det.