Utviklingshemming hos barn – utgreiing
Utgreiing av utviklingshemming blir ofte utført i tverrfagleg team med lege og psykolog, og eventuelt andre fagpersonar som til dømes spesialpedagog, vernepleiar eller fysioterapeut.
Før
Det er viktig å ha tenkt gjennom barnets språklege, sosiale og motoriske utvikling før utgreiinga startar. Viss barnet tidlegare har vore undersøkt av andre fagpersonar, er det lurt å ta med rapportar frå desse undersøkingane.
Under
Utgreiinga består i hovudsak av medisinsk utgreiing, nevropsykologisk testing og ei vurdering av korleis barnet fungerer og tilpassar seg sosialt. Utgreiinga vil ofte vere barnevennleg i form av leik og oppgåver. Observasjon av barnet i nærmiljøet sitt kan også vere ein del av utgreiinga. Foreldra og eventuelt tilsette frå barnehagen til barnet/skule vil samarbeide med fagpersonar frå teamet under utgreiinga av barnet.
Kor lenge varer utgreiinga?
Det kjem an på korleis barnet fungerer og kva undersøkingar som er utførte tidlegare. Nærare informasjon om kor lang tid utgreiinga vil ta, vil bli gitt frå sjukehuset.
Etter
Når utgreiinga er ferdig, vil de få ei tilbakemelding. Det vil bli laga ein eller fleire skriftlege rapportar som blir sende til dykk og til legen som viste barnet. Andre som har behov for rapporten vil få den tilsendt, etter samtykke frå dykk.
Oppfølging
Oppfølging skjer i hovudsak i kommunen der barnet bur.
Det kan vere lurt å få ei ny vurdering med jamne mellomrom, for å sjå om behovet til barnet for hjelp har forandra seg. Desse vurderingane blir gjorde i hovudsak i kommunen der de bur.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Habilitering for Barn og Unge (HABU)

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde