Tvungen psykisk helsehjelp
Har du ei psykisk liding, skal både undersøking og behandling i utgangspunktet skje frivillig. Tvangsinnlegging eller andre former for tvang er berre tillate når det er heilt nødvendig, og lova stiller strenger krav til når tvang kan brukast.
Psykisk helsevern er undersøking og behandling av psykiske lidingar som skjer i spesialisthelsetenesta, det vil seia på sjukehus eller distriktspsykiatrisk senter (DPS). Treng du hjelp eller behandling i psykisk helsevern, skal det som hovudregel vera frivillig.
Viss det er heilt nødvendig, opnar likevel psykisk helsevernslova for at du som pasient kan bli underlagd tvang – under føresetnad av at ei rekkje strenge vilkår er oppfylt. Dette er kalla tvungent psykisk helsevern.
Kontakt
Nordfjord psykiatrisenter
Psykisk helsevern
Nordfjord psykiatrisenter
Psykisk helsevern
Kontakt Psykisk helsevern
Oppmøtestad
Nordfjord psykiatrisenter - telefon 57 86 43 30
Nordfjord psykiatrisenter
Sjukehusvegen 9
6770 Nordfjordeid