Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking

Tverrfagleg vurdering av smertetilstand

Pasientar med langvarige smertetilstandar kan tilvisast og vurderast tverrfagleg ved ein smertepoliklinikk. Det tverrfaglege teamet består vanlegvis av fleire faggrupper som lege, fysioterapeut, sjukepleiar og psykolog. Fastlegen kan tilvise deg til smertepoliklinikken etter at du først har vore igjennom aktuelle tiltak som er tilgjengeleg i kommunehelsetenesta. Alle fagpersonane ved smertepoliklinikken jobbar saman i team, og utgreiingsteamet blir vanlegvis bestemt ved inntaksdrøfting.

Utrgreiinga inneber ein time til dei ulike fagpersonane i utgreiingsteamet. Du blir gitt enten eit tilbod om oppfølging/behandling ved smertepoliklinikken eller så blir ein vidare oppfølging tilrådd i førstelinjetenesta. Ved smertepoliklinikken vil du få ei individuell behandling og oppfølging som kan gå over 6-12 månader. I denne perioden vil det som ledd i behandlinga vere eit fokus på eigenaktivitet, eigentrening og eiga meistring. 

Ved enda utgreiing vil teamet samlast til ein felles oppsummeringstime med deg til stades. Her vil moglege behandlingsforslag foreslåast for deg, og fastlegen får ei grundig oppsummering av kva vi tenkjer kan vere den beste behandlinga for deg.

Tilvising og vurdering

Vi ønskjer fortrinnsvis ei tilvising frå fastlegen. Dessutan ønskjer vi at du først har vore igjennom aktuelle tiltak som er i primærhelsetenesta, og eventuelt andre faggrupper innan spesialisthelsetenesta, dersom det er relevant for å avklara smertetilstanden din.

PERSONALIA PASIENT

• Navn, personnummer

• Adresse

• Telefonnummer 

 

KONTAKTOPPLYSNINGER VISER

• Fastlege, legesenter

• Adresse, telefonnummer (gjerne direkte nr.) 

 

1. Tilvisingsårsak

• Kva blir ønskt av oss, kva utgreiing?

• Kva for ein poliklinikk ved blir vist pasienten til? 

 

2. Kva for ein utgreiing / behandling er gjennomført, og kva for ein effekt hadde han?

• Tidlegare diagnosar? Noverande diagnostikk?

• Er pasienten greidd ut av andre (fysioterapeut, psykolog, psykisk helsevern) skal epikrise vedleggjast.

• Noverande behandlingstilbod?

• Har pasienten krav på, og er det starta arbeid med individuell plan? (vedlegg) 

 

3. Skildring av pasient, sjukdomshistorie, tilstand og dagleg funksjonsnivå.

• Vekt, høgd, (BMI)

• Kva for nokre symptom har pasienten, varigheit og utløysande årsaker?

• Blir medikament nytta? Kva for nokre, og kva for ein dose?

• Bruk av rusmiddel (alkohol, medisinar, narkotiske stoff)?

• Er det gjort ei vurdering av blodprøver, er prøvene innanfor referanseområdet? 

 

4. Korleis er arbeidsstatusen til pasienten?

• Kort om utdanning og tidlegare arbeidserfaring.

• Har pasienten jobb, i så fall kva for ein jobb og kor stor stillingsdel?

• Får pasienten inntektssikring via NAV pga helseplager, i så fall kva for ein yting og prosentdel (sjukepengar, arbeidsavklaringspengar eller uførepensjon)?

• Korleis er pasienten sin eigen motivasjon i forhold til å komma seg tilbake i/ auka arbeidskapasitet?  

 

5. Korleis er pasientens heime-, familie-, sosiale-forhold?

• Barn, sambuar/ ektefelle?

• Kven bur pasienten saman med?

• Har pasienten nokon pågåande belastningar som kan relaterast til anna enn det aktuelle? 

 

6. Dersom pasient er framandspråkleg må det i tillegg opplysast:

• Nasjonalitet

• Språk

• Kjønn

• Behov for tolk

Før

Våre pasientar blir spurde om å svare på spørjeskjema i samband med utgreiinga. Dette er til hjelp for oss, for å finna ut mest mogleg om tilstanden din.

Vi ønskjer at du tek med deg oppdatert medisinliste til første time. Viss du har informasjon om eventuell behandling og medisinar du har prøvd tidlegare, er det fint om du tek med det òg. Fastlegen din kan hjelpe deg med dette.

Under

Ved smertepoliklinikken jobbar fleire faggrupper saman. Desse jobbar saman i team, og du får ei tverrfagleg tilnærming, der fleire forhold kjem i fokus og blir drøfta av teamet. Du blir vanlegvis kalla inn til samtale/ undersøking til fleire av fagpersonane. Smertepoliklinikken samhandlar i denne perioden med fastlege, og eventuelt NAV.

Etter

Etter at du er greidd ut ved smertepoliklinikken vil oppfølginga di variere ut frå behovet ditt og tilgang på behandlingstilbod i heimkommunen. Behandlinga kan prøvast ut på smertepoliklinikken, og vidare eventuelt blir overført til primærhelsetenesta. Enkelte pasientar har heller ikkje behov for behandling, og kan følgjast vidare av fastlege.

Kontakt

Førde sentralsjukehus Kreftavdelinga

Kontakt Kreftavdelinga
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.