Nasjonal implementering av behandling for tvangslidingar (OCD) er fullført og det finst i dag eit OCD-team med spissa kompetanse i alle helseføretak. Det betyr at alle kan få behandling på sin heimstad.
Ein går ut frå at rundt 0.2-0.5 prosent av befolkninga har tvangslidingar. Dei fleste vert ramma tidleg i livet og ubehandla varer lidinga som regel livet ut (Frå "Nasjonal implementering av behandling for tvangsliding").
Tvangstankar
Dei vanlegaste tvangstankane omhandlar redsel for å bli smitta eller smitte andre med ein farleg sjukdom, samt at ein blir ramma av brann, innbrot eller andre ulukker. Enkelte blirt plaga av tankar dei opplever som upassande, ofte med seksuelt eller blasfemisk innhald. Andre slit med tankar om at dei kan kome til å gjere noko dei ikkje vil, slik som å skade nokon dei har kjær. Tankane er ikkje lystprega og det er ikkje noko ein ønsker å gjere. Når tankane dukkar opp fører dei med seg intenst ubehag og redsel for at det er ein reell risiko knytt til dei.
Tvangshandlingar
For å dempe ubehaget tvangstankane fører med seg og sikre at dei negative hendingane ikkje skjer, utfører ein tvangshandlingar. Dei vanlegaste er overdriven vasking eller sjekking av dører, vindauge eller elektriske apparat. Andre har tvangshandlingar knytt til overdriven orden, symmetri eller gjentaking. Mange utfører også mentale ritual, slik som å telje til bestemte tal, tenke på positive ord for å nøytralisere negative tankar eller spørje gjentatte gongar om forsikring frå andre personar.
Innsikt
Dei som er ramma av tvangsliding har på den eine sida ei innsikt og forståing for at tankane ikkje er rasjonelle og at tvangshandlingane er overdrivne eller unødvendige. Likevel er tvilen og ubehaget så stort at dei ikkje vågar å stole på det dei eigentleg veit er rett.
Omfang
Det er vanleg å oppleve at det dukkar opp tankar med innhald ein ikkje går god for, som kan medføre ubehag. Det er også vanleg at ein forsøker å dempe ubehaget ved å tenke på noko anna eller utføre eit rituale, som å banke i bordet eller tenke på noko positivt for å nøytralisere den negative tanken. Forskjellen er at dei som er ramma av tvangsliding (OCD) opplever dette så ofte og så intenst at det i vesentleg grad går utover kvardagen. For mange legg det beslag på store delar av dagen.
Utgreiing og behandling ved OCD-team er spesialisert og tidsavgrensa.