For å følge med på korleis behandlinga virker gjennomfører vi hyppige nevrologiske undersøkingar. Intensiteten av den første hjerneovervåkinga avhenger av din tilstand og resultater av undersøkingar. Overvåkinga blir som regel redusert gradvis i løpet av det fyrste døgnet. Behandlinga inneber ein relativt liten risiko for hjerneblødning.
Vi anbefaler sengeleie den fyrste tida etter behandlinga. Nytt CT-bilde blir tatt etter 12-24 timar. Dette for å kontrollere at det ikkje har oppstått ei blødning før du får vidare blodfortynnande behandling.
Oppfølginga er avhengig av den kliniske situasjonen og av resultata av undersøkingar vi har gjort. Alle pasienter får ein gjennomgang av risikofaktorer og individuell behandling i forhald til disse. Vi kartlegger dine behov for rehabilitering og den første rehabiliteringa starter allerede på sjukehuset.